Interpellasjon fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Interpellasjon nr. 8 (2016-2017)
Om å leggje til rette for at vi i framtida ikkje ser liknande negative saker om oppdrettsnæringa som vi har hatt i media denne hausten, m.a. om lakselusskadar og miljøbelastningar
Datert: 18.11.2016
Besvart: 07.12.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Gjennom ulike saker i media denne hausten er det sett søkelys på fiskevelferd, både for villfisk og for oppdrettsfisk. Mellom anna har Dagsrevyen, Bergens Tidende og Intrafish vist bilde med store skadar på fisk grunna lakselus, og to anlegg er no politianmeld for brot på dyrevelferdslova. Programmet Brennpunkt sette fokus på miljøbelastningar frå oppdrettsnæringa. Sjølv om desse sakene nok tilhøyrar unntaka innan norsk fiskeoppdrett, skadar dei omdømmet til ei heil næring. Arbeidarpartiet har som mål at Noreg skal være vere fremste sjømatnasjon, og ynskjer å auke verdiskapinga i sjømatnæringa. Men da må det sikrast berekraftig forvalting, og at brot på regelverket vert fanga tidleg opp. Oppdrettarane har fått rett til å bruke allmennheita sine ressursar, det gjeld òg havmiljøet. Då kviler det ei særskilt plikt for alle til å følgje gjeldande lover og forskrifter.

Korleis kan me saman leggje til rette for at vi ikkje ser liknande negative saker i framtida?

Les hele debatten