Interpellasjon fra Sveinung Rotevatn (V) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 30 (2016-2017)
Om at berre 19 av 41 område har fått førsteprioritet i kartlegginga av ras- og flaumfare i Sogn og Fjordane, noko som betyr stopp i byggjeplanlegging eller høge eigenkostnadar til privat kartlegging
Datert: 24.03.2017
Besvart: 09.05.2017 av olje- og energiminister Terje Søviknes

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): NVE gjennomfører no ei landsdekkande kartlegging av ras- og flaumfare. I Sogn og Fjordane er det plukka ut 41 område som skal kartleggast, men berre 19 av desse har fått førsteprioritet. For dei som bur eller ønskjer å busette seg i dei andre 22 områda, betyr ventinga på NVE ein stopp i byggjeplanlegging eller høge eigenkostnadar til privat kartlegging. I sitt svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Skjelstad viser olje- og energiministeren til at «Gitt vårt langstrakte land, med mye natur og spredt bebyggelse, vil det være bygninger og bosetninger som innenfor slike rammer ikke kan prioriteres for detaljert kartlegging.»

Meiner statsråden dette er eit godt nok svar til dei som ønskjer å etablera seg i Sogn og Fjordane, men som ikkje har råd til å ta eigenkostnaden av omfattande kartlegging av ras- og flaumfare?

Les hele debatten