Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Interpellasjon nr. 4 (2017-2018)
Datert: 23.11.2017
Rette vedkommende: Innvandrings- og integreringsministeren
Spørsmålet er trukket tilbake

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): NRK kunne den 17. november 2017 fortelje om 300 helsearbeidarar som går ut mot regjeringa og krev store endringar i måten ein behandlar sjuke asylsøkjarar som skal sendast ut av landet, på. Tidlegare i år har helsetilbodet ved Trandum fått sterk kritikk frå Sivilombodsmannen, som blant anna tok opp at helsetilbodet er underdimensjonert, sikkerheitsavdelinga blir nytta av helsemessige årsaker, og at suicidale personar vert sett i isolasjon på internatets sikkerheitsavdeling. I oppropet frå helsearbeidarane vert det også kritisert at helsearbeidarar deltek i avgjerder om bruk av isolasjonscelle. Dei krev at offentlege og uavhengige legar og sjukepleiarar tek over ansvaret for all pasientbehandling på Trandum, og at bruk av isolasjon for suicidale og sjølvskadande pasientar vert stoppa.

Kva meiner regjeringa om denne kritikken, og kva gjer regjeringa for å sikre asylsøkjarar ved Trandum og asylmottak i Norge forsvarleg helsehjelp?