Interpellasjon fra Ingrid Heggø (A) til justis- og innvandringsministeren

Interpellasjon nr. 34 (2018-2019)
Om det høge nivået på inkassosatsar i Noreg, og om strakstiltak for å få regulert desse ned, slik en samla justiskomite har bedt om
Datert: 14.02.2019
Besvart: 12.03.2019 av justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Det har vore mange saker i media i den siste tida om høge inkassosatsar og om i kva grad god inkassoskikk vert overhalden når eit småkrav på ein hundrelapp kan verte nesten fire tusen kroner på kort tid. Talet på inkassosaker veks med rekordfart, og norske satsar er mykje høgre enn i nabolanda. Ein samla justiskomité hadde merknader om dei høge satsane i Innst. 6 S (2018-2019) og bad regjeringa om å sette i verk naudsynte tiltak for at nivået på satsar innan inkassobransjen vert regulerte ned. Regjeringa sitt svar var å la inkassosalæret stå uendra på 700 kroner, altså ikkje å auke det med 30 kroner, og å sette ned eit utval som skal kome attende med tiltak i 2020. I mellomtida opplever stadig fleire at problemet berre aukar. Mandatet i inkassolova omfattar heller ikkje problematikken kring småkrav som vert sende til namsmannen.

Er statsråden nøgd med at Noreg er på inkassotoppen, eller vil statsråden iverksette strakstiltak slik Stortinget ba om?

Les hele debatten