Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Interpellasjon nr. 35 (2018-2019)
Om eit likeverdig tilbod i heile landet om musikkterapi i helse- og omsorgstenestene
Datert: 14.02.2019
Besvart: 12.03.2019 av helseministeren Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Dei siste 5-6 åra har det blitt tydeleg at musikkterapeutar - som har ei femårig utdanning på universitetsnivå - har ein profesjonskompetanse som brukarane finn relevant, og som helse- og omsorgstenestene har behov for. Eldrehelse, rus og psykisk helse er tre felt der dette er særleg tydeleg. Internasjonal forsking, norske brukarundersøkingar og tilrådingar i nasjonale faglege retningslinjer tilseier at musikkterapi bør vere ein naturleg del av norske helse- og omsorgstenester. Likevel er det førebels ingen systematikk i oppretting av musikkterapistillingar dei fleste stader, og store delar av landet er utan musikkterapitenester i det heile.

Kva tiltak vil statsråden ta i bruk for å sikre likeverd i musikkterapitilbod nasjonalt, der den musikkterapeutiske kompetansen blir ein integrert del av tenestene i større grad enn i dag?

Les hele debatten