Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kunnskapsministeren

Interpellasjon nr. 65 (2021-2022)
Oversendt regjeringen: 08.07.2022
Planlagt behandlet: 27.10.2022

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Stigande matvareprisar, global matmangel, omsyn til folkehelsa og omsyn til klima og berekraft gjer det nødvendig å auke kunnskapen om og interessa for å dyrke sin eigen mat. Eit godt tiltak for å spreie kunnskap om å dyrke mat er etablering av skulehagar. I dag er det få kommunar som satsar systematisk på skulehagar, og det er ingen nasjonale stimuli til etablering av skulehagar.
Kva kan gjerast for å få fleire skulehagar over heile landet som del av ei omlegging av framtidas matsystem til meir lokal produksjon og meir frukt og grønt?