Skriftlig spørsmål fra Guri Melby (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2931 (2023-2024)
Innlevert: 27.09.2024
Sendt: 30.09.2024
Besvart: 04.10.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Guri Melby (V)

Spørsmål

Guri Melby (V): Hvordan vil statsråden sikre at institusjonene som har fått unntak fra karakterkrav på lærerutdanningene sikrer at dette ikke går ut over kvalitet og gjennomføring.
Har statsråden et system for rapportering av tiltak og måling av effekt av tiltakene?

Begrunnelse

I år fikk 35 lærerutdanninger unntak fra karakterkrav. Dispensasjonsordningen ble omtalt i opptaksmeldingen som ble behandlet i Stortinget i vår. Spørsmålsstiller er bekymret for at man gjennom dispensasjonene risikerer å forringe kvaliteten i utdanningene og at det kan gå på bekostning av både innhold og gjennomføringsgrad. Regjeringspartiene har selv pekt på at ved en dispensasjon fra nivåkrav må institusjonene innføre tiltak som nivåkravene er ment å ivareta. Og at denne ordningen ikke skal gå «ut over kvalitet og gjennomføring» og at institusjonene må innføre tiltak som nivåkravene er ment å ivareta.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Opptak til høgare utdanning valde regjeringa å føre vidare nasjonale nivåkrav for opptak til lærarutdanningane, samstundes som departementet opna for dispensasjon frå nivåkrava, med vilkår om at institusjonen har tiltak som varetek dei same omsyna som nivåkrava er meint å vareta. Nærmare bestemt skal tiltaka vareta omsyna til gjennomføring av utdanninga og sluttkompetansen til kandidatane.
Stortingsrepresentanten spør om eg har eit system for rapportering av tiltak og måling av effekt av tiltaka. Kunnskapsdepartementet har god oversikt over tiltaka ved dei ulike universiteta og høgskulane. I søknadane om dispensasjon skildra institusjonane kva slags tiltak dei vil sette i verk. Tiltaka omfattar mellom anna mentorordningar, forsterka rettleiingsordningar, aktivitetar på læringssentre og bibliotek, deling av nettressursar mellom institusjonane og studentseminar. Det var tolv universitet og høgskular som søkte om dispensasjon frå ulike opptakskrav til ulike lærarutdanningar. I svarbrevet der Kunnskapsdepartementet innvilga søknadane legg departementet til grunn at institusjonane vil iverksette tiltaka på ein god måte og utvikle dei i tråd med erfaringane som blir gjort lokalt og i samråd med andre institusjonar. I brevet skriv departementet at vi vil ha behov for tilbakemelding på kva slags utfordringar ein møter på, og korleis tiltaka verker.
Som varsla i Meld. St. 20 (2023–2024), tar regjeringa initiativ til ei løpande evaluering av dispensasjonsordninga. Kunnskapsdepartementet har i supplerande tildelingsbrev datert 28.09.2024 gitt Høgskulen på Vestlandet (HVL) midlar til å igangsette ei nasjonal evaluering av dispensasjonsordninga og dei forsterka tiltaka knytt til ho. Det vil ta tid før det er mogleg å få kunnskap om sluttkompetansen til kandidatane. Det vil òg ta tid før ein får god kunnskap om gjennomføring og fråfall. Vi kan heller ikkje vente eksakt kunnskap om kva slags effektstorleik dei forsterka tiltaka har, nett som vi ikkje har eksakt kunnskap om nivåkravas effekt på gjennomføring og kvalitet. I første omgang kan vi få kunnskap om kva slags erfaringar ein har med å ta opp nye grupper med studentar, kva ein opplever skal til for at dei kommer godt i gang med studiane sine, og kunnskap om kor mange fleire lærarstudentar ein har fått tatt opp i kraft av dispensasjonsordninga.
Eg meiner årets opptakstal viser at det var nødvendig at vi opna opp for dispensasjon frå nivåkrava. Eg registrerer at mange institusjonar har nytta seg av høve for å søke dispensasjon og at dei har gode planar for å følge opp studentane. Krava til læringsutbytte i utdanningane ligg fast, og eg har tillit til at institusjonane gir studentane gode føresetnader for å lukkast med å oppnå dette. Foreløpig melder institusjonane om stor interesse frå søkarar og godt oppmøte. Først seinare i haust vil vi få endeleg oversikt over kor mange studentar som har starta på ei lærarutdanning i år, og vi følger tett med på utviklinga. Fleire studentar er eit godt utgangspunkt for at vi får uteksaminert fleire lærarar dei komande åra. Om evalueringa viser at ein lukkast med å utdanne gode lærarar som ikkje har innfridd nivåkrava, vil regjeringa vurdere om heile ordninga med nivåkrav skal avviklast.