Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2940 (2023-2024)
Innlevert: 29.09.2024
Sendt: 30.09.2024
Besvart: 07.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hvordan vil barne- og familieministeren følge opp de bekymringsverdige tallene fra Frelsesarmeen, og hvilke tiltak vil hun konkret foreslå for at barn og unge ikke skal falle fra fritidsaktiviteter?

Begrunnelse

I nok en sak kan vi lese at flere idrettsklubber har det krevende økonomisk og kanskje mest urovekkende at en krevende økonomisk hverdag gjør det stadig vanskelige for foreldre å betale kontingent for deltakelse på fritidsaktiviteter. I en sak på tv2.no skrives følgende:

"Tall fra Opinion og Frelsesarmeen viser at 19 prosent av foreldre kutter i fritidsaktiviteter for barna sine på grunn av utfordrende økonomi. I fjor på samme tid var tallet 11 prosent. I organisert idrett og trening velger 13 prosent å kutte. I fjor var også dette 11 prosent."

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, sier selv til TV2 at hun mener tallene fra Frelsesarmeen er alvorlige og at hun er bekymret. Forslag til løsninger på utfordringene nevner imidlertid ikke ministeren utenom at regjeringen ikke har gjort nok.
https://www.tv2.no/nyheter/innenriks/merker-negativ-okning-alvorlig/17026823/

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg deler uroa over tala frå Frelsesarmeen om at barn fell utanfor fritidsaktivitet på grunn av dårleg familieøkonomi. For regjeringa har det i dyrtida vore viktig å styrke dei universelle ordningane som er særleg viktige for familiar med låg inntekt. Barnetrygda er auka og barnehage og SFO er gjort billegare. Bustøtta og minstesatsane for uføre og personar på arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad er òg auka, og barnetrygda blir no heldt utanfor berekning av økonomisk sosialhjelp. Framover vidarefører og forsterkar regjeringa samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar for å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge og førebyggje at fattigdom går i arv.
Regjeringa arbeider for å leggje til rette for at alle barn, uansett bakgrunn og bustad, kan delta i fritidsaktivitetar. Gjennom Fritidserklæringa arbeider fleire departement saman med KS og frivillige organisasjonar for å sikre at alle barn og unge har høve til å delta jamleg i minst ei organisert fritidsaktivitet saman med andre.
Som eit ledd i dette arbeidet har regjeringa styrkt dei målretta ordningane for å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar. I denne regjeringsperioden er ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge auka med til saman 231 millionar kroner. Heile ordninga er på 758 mill. kroner i 2024. Styrkinga av ordninga har mellom anna blitt prioritert til lokale fritidskasser for å dekkje utgifter til fritidsaktivitetar og til utlånssentralar for gratis utlån av sports- og fritidsutstyr.
Frivillige organisasjonar speler ein viktig rolle i å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar. Regjeringa har styrka tilskotet til nasjonal grunnstøtte til barne- og ungdomsorganisasjonane med 10 millionar kroner i 2024. Heile tilskotet er nå på om lag 183,3 millionar kroner. Vidare har regjeringa sikra full momskompensasjon for frivillige organisasjonar kvart einaste år sidan vi tiltrådde. Dette bidreg til ein betre økonomi i idrettslag, kultur og frivilligheit, slik at dei slepp å ta så høge eigenandelar.
Regjeringa har òg lagt fram ein handlingsplan for at barn og unge skal få like moglegheiter til å delta i kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar. I 2024 er det satt av 286 mill. kroner av spelemidlane, og 10 mill. kroner frå statsbudsjettet, til dette arbeidet.
Regjeringa arbeider vidare med å leggje til rette for at vi lykkast i å jobbe langsiktig, kunnskapsbasert og på tvers av sektorar med å inkludere fleire barn og unge. Vi er til dømes i gang med å utarbeide ei felles stortingsmelding for sosial mobilitet og utjamning, der eit sentralt mål er å samordne politikken på heile oppvekstfeltet og å bidra til like moglegheiter for barn og unge – uavhengig av familiebakgrunn. Stortingsmeldinga vil legge eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar.