Skriftlig spørsmål fra Anne Kristine Linnestad (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2945 (2023-2024)
Innlevert: 30.09.2024
Sendt: 30.09.2024
Besvart: 07.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Anne Kristine Linnestad (H)

Spørsmål

Anne Kristine Linnestad (H): Kan statsråden opplyse om hvor mye kommunene samlet brukte på betaling av kabelpåvisninger på egen grunn i 2022?

Begrunnelse

Skjult under bakken, gjennom hele landet, ligger det ca. 700 000 kilometer med ledninger, rør og kabler. For å unngå graveskader må kommunene som skal få utført arbeid i grunnen ha informasjon om hva som ligger der fra før.
Frem til 2015 ble disse tjeneneste gjennomført gratis. De siste årene har imidlertid flere ledningseiere krevd gebyrer for dette og kostnadene faller blant annet på kommunene.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eigarar av grunnen der leidningane ligg, har etter ledningsregistreringsforskrifta (under plan- og bygningsloven), krav på å få nærmare angitt leidningsinformasjon kostnadsfritt utlevert frå leidningseigar. Dette går fram av forskrifta § 7 tredje og fjerde ledd, samanhalde med § 5 fyrste ledd. I praksis vil kommunen i mange tilfelle, som vegeigar, kunne gjere denne føresegna gjeldande. Det inkluderer også arbeidet med å påvise leidningane på staden dersom leidningseigaren meiner at dokumentasjonen ikkje er tilstrekkeleg nøyaktig eller påliteleg til at gravearbeidet kan utførast utan fare for skade, jf. forskrifta § 5 tredje ledd. På den andre sida kan leidningseigaren krevje betaling dersom kommunen ønsker meir detaljert informasjon enn det forskrifta regulerer, eller vil ha utlevert informasjonen raskare enn det forskrifta legg opp til (5 vyrkedagar), eller har behov for påvising utanfor normal arbeidstid med meir. Forskrifta er ikkje til hinder for at kommunen og leidningseigaren kan avtale at all informasjon skal vere gratis.
Kommunane rapporterer kvart år sine rekneskap til SSB sin KOSTRA-database. Rapporteringa i KOSTRA skjer på bakgrunn av ein funksjonskontoplan. Kvar funksjon omfattar utgifter og inntekter for tenesteområda som kommunane har ansvaret for. Inndelinga i funksjonar er ikkje så detaljerte at det blir rapportert utgifter til kabelpåvisningar på eigen grunn. Kommunal- og distriktsdepartementet har derfor ikkje opplysningar om kva kommunane bruker på kabelpåvisningar på eigen grunn.