Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2956 (2023-2024)
Innlevert: 30.09.2024
Sendt: 01.10.2024
Besvart: 09.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): Mener statsråden at kommuneøkonomien er bedre eller dårligere nå enn da regjeringen tiltrådte?

Begrunnelse

Mange kommuner har store økonomiske utfordringer som nå vil gå ut over tjenestetilbudet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa er oppteken av at kommunane har ein føreseieleg økonomi som sikrar felles velferd, og som bidreg til tryggleik, vekst og busetjing i heile landet. Då denne regjeringa tiltredde, la vi fram eit tilleggsnummer til statsbudsjettet 2022 med ein vekst på 2,5 milliardar kroner i dei frie inntektene til kommunesektoren på toppen av det Solberg-regjeringa la fram i sitt siste statsbudsjett.
Over fleire år har sektoren hatt høgare vekst i frie inntekter og større handlingsrom enn føresett i dei framlagde budsjetta. Det er særleg høgare skatteinntekter enn venta som har bidrege til dette. I alle år sidan 2016 med unntak av 2022, som var prega av høg kostnadsvekst, har realinntektene utvikla seg betre enn venta.
Kommunesektoren har dei seinare åra måtte handsame mange uventa hendingar som covid-19, flyktningtilstrøyminga frå Ukraina, høg kostnadsvekst og konsekvensar av ekstremvêr, noko sektoren har gjort på ein god måte.
Kommunane har opparbeida seg monalege fond etter fleire år med gode driftsresultat, og få kommunar har vore registrerte i ROBEK dei seinare åra. I augneblinken er 23 kommunar førde opp i registeret, noko som historisk sett er eit lågt tal, men kraftig renteauke og høgare kostnadsnivå bidrog til at mange kommunar hadde negative driftsresultat i 2023. Forskjellane mellom kommunane har auka. For kommunar som har inntekter frå eigedomsskatt eller utnytting av lokale naturressursar, til dømes konsesjonskraft og havbruk, har desse inntektene trekt opp resultata.
Regjeringa la i vår fram forslag til nytt inntektssystem for kommunane, som blei vedteke i samband med at Stortinget handsama kommuneproposisjonen for 2025. Nytt inntektssystem for kommunane vil tre i kraft frå og med 2025. Regjeringa har sett at forskjellane i kommune-Noreg har blitt større over tid. No omfordeler vi inntektene til kommunane på ein betre måte. Det vil styrke velferdsstaten vår. Vi løfter dei skattesvake kommunane ved å i større grad omfordele inntekter mellom kommunar med høge skatteinntekter og kommunar med låge skatteinntekter. Vi gjev fullt basistilskot til alle kommunar og vi fordelar 1,5 milliardar av veksten til kommunane, slik at dei som har lave eigne inntekter får klart mest.
Regjeringa er kjend med at fleire kommunar opplever den økonomiske situasjonen som krevjande i 2024. Dette har mellom anna å gjere med endringar i sentrale storleikar kor kommunane må planlegge budsjetta ut frå usikre anslag, som til dømes skatteinntekter, kostnadsvekst og demografisk utvikling. Regjeringa jobbar med dette og vil komme tilbake seinast i samband med nysalderinga av 2024-budsjettet.
Regjeringa foreslår i Statsbudsjettet 2025 ein vekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 6,8 milliardar kroner. Utover demografi og pensjon utgjer dette 3,6 milliardar kroner i auka handlingsrom. Dette er 1,1 milliardar kroner høgare enn varsla i kommuneproposisjonen. Med dette bidreg vi til å redusere presset på kommunane i ei krevjande tid.