Birgit Oline Kjerstad (SV): Eg viser til justis- og beredskapsministeren sitt svar til meg 26. januar 2024 på spørsmål stilt 19. januar 2024 (Dok 15:985) der ministeren svara at det var bedt om ei tilleggsutgreiing frå KDI/POD med frist 1. juli 2024 i samband med tilrådinga om å overføre ansvaret for Trandum til Kriminalomsorga.
Vil tilleggsutgreiinga bli gjort offentleg slik at ålmenta kan fremje synspunkt til problemstillingane, og vil justis og beredskapsministeren sørge for at det blir fatta vedtak om drift av Trandum med det første?
Begrunnelse
Eg viser til den faglege tilrådinga frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Politidirektoratet (POD) om å overføre ansvaret for Trandum frå Politiet til Kriminalomsorga, og svaret til meg om saka datert 26 januar 2023. Tilrådinga frå dei to direktorata om å overføre ansvaret frå Politiet til Kriminalomsorga kom for å bedre situasjonen for dei internerte på grunn av den mangeårige kritikken som har kome mot forholda ved Trandum frå Sivilombodet, Tilsynsrådet for Trandum og andre instansar. 1. september 2023 gav POD/KDI råd om at driftsansvaret for Trandum skulle overførast til Kriminalomsorga. Som det går fram av grunngjevinga for spørsmålet mitt la direktorata «avgjørende vekt på at driften skal ivareta de internertes menneskerettigheter og at sikkerhetstiltakene skal baseres på gode individuelle vurderinger som tilrettelegger for lavest mulig sikkerhetsnivå for den enkelte.» Direktorata tilrådde også ein open prosess, og at den ikkje skulle dra ut i tid. Det er no gått nær to og eit halvt år sidan departementet våren 2022 tok initiativ til å vurdere organiseringa. Etter det har situasjonen på Trandum ikkje blitt særlig betre.