Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:96 (2024-2025)
Innlevert: 11.10.2024
Sendt: 11.10.2024
Besvart: 18.10.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva for organisasjonar som støttar sanksjonar mot Israel mottar norsk bistand, kva for organisasjonar som arbeider for sanksjonar er utelukka frå å få norsk bistand, og kan eg få svar med lister med namngitte organisasjonar?

Begrunnelse

Regjeringa har vidareført høgreregjeringa si linje med å boikotta sivilsamfunnsorganisasjonar som arbeider for sanksjonar mot Israel. Seinast i budsjettforslaget for 2025 står det under kapittel 159, post 70 Midtøsten:

«Organisasjoner med hovedformål om å boikotte, desinvestere og sanksjonere (BDS) mottar heller ikke norsk bistand.»

Ulike former for boikott, desinvestering og sanksjonar (BDS) mot Israels okkupasjon og folkerettsbrot har brei støtte i sivilsamfunnsorganisasjonar over heile verda. Den globale BDS-rørsla vart starta av det palestinske sivilsamfunnet i 2005, og oppfordrar til ikkjevaldeleg press på Israel inntil landet innfrir dei folkerettslege pliktene sine.
Til Klassekampen 10. oktober uttaler statssekretær Andreas Kravik at formuleringa i statsbudsjettet berre skal gjelda organisasjonar som har BDS som hovudformål, og at palestinske organisasjonar «som for eksempel jobber med kvinners rettigheter, men som også er tilhengere av generell boikott» ikkje er utelukka frå å motta norske bistandspengar.
Det vil derfor vera klargjerande for den vidare debatten at regjeringa legg fram lister over kva for organisasjonar som hamnar i dei to ulike kategoriane.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Både internasjonale, norske og lokale organisasjonar mottek norsk bistand frå ulike løyvingar. Departementet føretek ikkje ei kartlegging av alle organisasjoner med tanke på deira haldning til sanksjonar eller BDS knyta til Israel.
Ved vurdering av støtte frå Regionløyvinga (kapittelpost 159, post 70 Midtøsten), vil ein med utgangspunkt i Prop 1 S og Stortingets budsjettvedtak gjere ei konkret vurdering av om søkjarar har BDS som hovudføremål. Dette leggjast til grunn for behandlinga av søknader om tilskudd.