Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:112 (1997-98)
Innlevert: 06.03.1998
Sendt: 06.03.1998
Besvart: 12.03.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Frå fleire hald vert det påpeika at faget engelsk har fått ei sterkt svekka stilling i forslaget til fagplan for den nye maritim-tekniske fagskulen. Spesielt gjeld dette maritim engelsk som står i fare for å falle heilt bort som eige fag.Vil Statsråden bidra til at framtidige norske sjøoffiserar får eit tilbod om maritim engelsk som set dei i stand til å møte dei store utfordringane i praktisk skipsfart?

Begrunnelse

Utdanninga innanfor maritime fag er under omlegging. Departementet har kome med utkast til fagplanar for den nye maritim-tekniske fagskulen. Frå fleire hald er det påpeika at maritim engelsk ikkje er tilgodesett med ein plass i desse fagplanane.

Ein kan sjølvsagt hevde at engelsk terminologi og praktisk bruk må vere ein integrert del av dei andre faga. Faren med dette er at det ikkje vil gi ei systematisk opplæring i maritim engelsk, og at ikkje alle som underviser i dei andre faga har god nok kunnskap i engelsk til å gi eit fagleg tilfredsstillande undervisningsopplegg. Når ein veit at presis kunnskap i engelsk er avgjerande for m.a. tryggleiken i skipsfarten, er det grunn til å tru at det nye opplegget ikkje er godt nok for å møte krava som framtidige sjøoffiserar blir stilte overfor

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg viser til spørsmål frå representanten Petter Løvik om faget engelsk i teknisk fagskule, linje for maritime fag og fiskerifag. Det er rett at det ikkje er eit eige fag som heiter maritim engelsk i dei nye læreplanane, men det er ikkje rett at engelskfaget er blitt svekt. Den nye tekniske fagskulen kjem i staden for dei tidlegare VII- og VKIII-kursa for maritime fag og har eit anna inntakskrav enn desse. Ettersom inntakskravet er fagbrev, skal studentane ha hatt to timar engelsk på grunnkurs og to timar engelsk på VKI før dei startar i teknisk fagskule. Engelskfaget er såleis styrkt ved at kravet til generell studiekompetanse er lagt inn i teknisk fagskule.

I framlegget til ny læreplan for teknisk fagskule, linje for maritime fag og fiskerifag, har læreplangruppene foreslått å innarbeide mål og hovudmoment for maritim engelsk i dei maritime faga. Integrering av fag er eit viktig prinsipp i dei nye læreplanane .

Den nye læreplanen for teknisk fagskule, linje for maritime fag og fiskerifag vart send på høyring før jul. Høyringsfristen går ut 15. mars 1998. Departementet vil vurdere resultatet av høyringa og gjere eventuelle justeringar i planen i samsvar med dette.