Skriftlig spørsmål fra Sigrun Eng (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:124 (1997-98)
Innlevert: 16.03.1998
Sendt: 16.03.1998
Besvart: 23.03.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Let det seg gjera å gi eit anslag på kostnadar, kva strekningar og utbyggingsprosjekt som skal takast med?

Begrunnelse

I det siste er det framkommi mange forskjellige tall på kostnader over stamvegsparsellen E 134 Hægstad-Damåsen eller er det Soho som er endepunkt på parsellen. Det er naturleg nok også stor betydning for Øvre-Eiker at dei får utløst midler til sine lokale miljøtiltak og nedkjøringsvegen til Darbu i kostnadsoverslaget. På mitt spørsmål av 20.02 og det svaret eg fekk ser eg at 30 mill. står til disposisjon. Der ligg det ikkje pengar til Øvre-Eiker sitt behov i kostnadsoverslaget.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Ny veg på strekninga Ev 134 Langebru - Damåsen har vore planlagt og dels gjennomført sidan 1990. Det har vore viktig med ei parsellvis utbygging.

Første byggetrinn var parsellen Langebru - Torespæren som blei opna for trafikk i 1994. Neste byggetrinn var Torespæren - Hegstad.

Torespæren - Hegstad

Arbeidet blei starta opp i 1995. Etter planen skulle Ev 134 førast fram til eit parselldele på Hegstad der ny veg skulle koplast på den eksisterande ved Fiskumsletta. Kostnadene for denne parsellen var rekna til 135 mill kr, jf St prp nr 1 (1994-95). Det er bevilga 93 mill kr til prosjektet i perioden 1994-97. Av dette er 30 mill kr framleis disponibelt.

Det står att ein del arbeid før denne parsellen er ferdig. For å gjere parsellen fram til koplingspunktet for ein førebels nedføring til Hegstad ferdig, er restbehovet omlag 24 mill kr. Dette må dekkjast av dei nemnde 30 millionane. Kostnaden for ein førebels nedføring er rekna til omlag 15 mill kr. Med ei løyving på 9 mill kr i 1999 vil ei fullføring av Torespæren - Hegstad og bygging av ei nedføring til Hegstad kunne realiserast.

Nedføringa er i godkjent plan føresett fjerna når ny veg til Damåsen er bygd. Ei eventuell fjerning vil koste omlag 5 mill kr, men kostnaden for dette vil naturleg liggje noko fram i tid. Det er no ikkje godkjent reguleringsplan for denne nedføringa til Hegstad.

Hegstad - Damåsen

Dette er første etappe av prosjektet Hegstad - Kongsberg (Soho). Det er godkjent kommunedelplan for heile strekninga Hegstad - Kongsberg (Soho) inkludert tverrforbindelsen til Darbu og etterbrukstiltak. Kostnadene for dette prosjektet er på 290 mill kr, jf St meld nr 37 Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007.

Reguleringsplan for parsellen Hegstad - Damåsen blei godkjent i Øvre Eiker kommune i november 1997. Kostnadene er rekna til 183 mill kr. Tverrfor- bindelen til Darbu og etterbrukstiltak (opprusting av eksisterande veg) er ikkje med i dette overslaget, og vil måtte kome i tillegg.

Øvre Eiker kommune, Kongsberg kommune og Statens vegvesen Buskerud er samde om at parsellen Hegstad - Damåsen kan byggjast utan at tilknytninga til Darbu og etterbrukstiltak langs noverande veg blir gjennomførte samtidig. Det er da føresett at desse tiltaka blir gjort før Ev 134 blir ført vidare frå Damåsen mot Kongsberg.

Saka har vore til handsaming i Vegdirektoratet, og eg tar sikte på å kome tilbake til Stortinget med saka så snart som mogleg. Eg syner elles til mitt forrige svar til stortingsrepresentant Sigrun Eng av 27.2.1998.