Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til kulturministeren

Dokument nr. 15:142 (1997-98)
Innlevert: 31.03.1998
Sendt: 01.04.1998
Besvart: 06.04.1998 av kulturminister Anne Enger

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Er det vanleg å be kulturinstitusjonar skaffa anna finansiering enn kommune, fylke og eigen institusjon som i dette tilfelle. I tilfelle ja, kva kriterier vert lagt til grunn for slike krav/ynskje om finansiering, og kan eit krav frå kulturdepartementet om å nytta Statsbygg som byggherre føra til utsetjing, eller, i verste fall, avslag på ei utbetring det tidlegare er gitt lovnad om?

Begrunnelse

Underteikna syner til spørjetimen 25. mars då representanten Jan Johnsen hadde eit spørsmål om ei heilt naudsynt utbetring av Rogaland Teater. Eg er glad for den forståinga kulturministaren hadde for stoda, og for at ho vil vitja Rogaland Teater. Eg har forståing for at ministaren ikkje kunne svara konkret på spørsmål som har med budsjettet for 1999 å gjera.

Det står etter mi vurdering likevel att sentrale spørsmål i denne saka.

1 - Kulturdepartementet har gitt teateret pålegg om å nytta Statsbygg som byggherre i ut- og ombygginga. Statsbygg har etter ei vurdering av saka kome til at ut- og ombygginga må gjerast annleis og meir omfattande og at tidlegare godkjend finansieringsplan difor ikkje held. Ut frå denne planen vart det i St.prp. nr. 1 for 1998 gjort framlegg om å løyva kr. 15.000.000 til utbygging og ombygging av teateret. Denne planen hadde ei rame på kr. 26.428.000 med fylgjande fordeling:

Stat kr. 15.000.000
Stavanger kommune kr. 4.285.000
Rogaland fylkesk. kr. 2.143.000
Rogaland Teater kr. 5.000.000

Statsbygg sin plan har ei kostnadsrame på 44 mill. kr.

2 - I oktober 1997 ba Kulturdepartementet teateret å vurdera andre finansieringsformer. Teateret vurderte dette som umogleg, og kulturdepartementet ba teateret vurdera stegvis utbygging. Dette fann teateret ikkje å kunna tilrå, m.a. på grunn av at dette vil gjera prosjektet dyrare.

Anne Enger (Sp)

Svar

Anne Enger: Den budsjettmessige situasjonen er slik at det ikkje har vore mogleg å setje av nok midlar på kap. 320 post 73 Nasjonale kulturbygg til å dekkje etterspurnaden. For å kunne støtte så mange prosjekt som mogleg, vil det derfor ofte vere behov for å bearbeide/redusere prosjekt i forhold til opphavlege planar for å kunne halde ramma.
Avhengig av korleis finansieringssituasjonen er og kor grundig ein har vurdert alternativ finansiering under førebuinga av saka, vil det kunne vere aktuelt å be tilskottsmottakar vurdere om det er mogleg å få tilskott til prosjektet frå andre bidragsytarar eller hente meir midlar frå fylkeskommune og ein eller fleire kommunar. I nokre saker har søkjar undersøkt dette før departementet blir kontakta. Det er ikkje faste fordelingsnøklar for investeringstilskott til kulturinstitusjonar.
Departementet tek opp dette spørsmålet i einskilde saker, men utan å leggje bestemte kriterium til grunn for slike oppmodingar/tilrådingar om anna finansiering.
Kulturdepartementet nyttar gjerne Statsbyggs faglege kompetanse og erfaring, og ber Statsbygg påta seg byggherreansvaret i mange av byggjesakene som får midlar over kap. 320.73 Nasjonale kulturbygg.
Avhengig av kor grundige førebuingar som søkjer har gjort før Statsbygg blir trekt inn i prosessen, vil Statsbyggs arbeid med saka kunne vere omfattande. Statsbyggs prosjekteringsarbeid vil vere naudsynt for at prosjektet skal kunne gjennomførast på tilfredsstillande måte, sjølv om tilskottsmottakar vil kunne oppfatte det som ei forsinking i høve til framdrifta han ønskjer.
Dersom det berre blir gjeve løyving til programmering av prosjektet (dvs. utarbeiding av grunnlagsmateriale som romprogram, premissar for tekniske løysingar o.a.), kan ein tenkje seg at programmeringsarbeida (som også i de fleste saker vil bli utførte av Statsbygg) viser at prosjektet ikkje kan eller bør finansierast over Kulturdepartementets budsjett. I slike tilfelle vil departementet kunne avslå ein seinare søknad om byggjetilskott. Sjøl om departementet har løyvt pengar til programmering, vil ikkje søkjar ha krav på byggjeløyving seinare.
Dersom Stortinget har gjeve byggjeløyving, vil Statsbygg (eller annan byggherreansvarleg) måtte gjennomføre programmerings- og prosjekteringsarbeida og den øvrige byggjeprosessen i tråd med oppdraget frå departementet. Eit omfattande og godt utført programmeringsarbeid kan resultere i ein reduksjon av ambisjonsnivå og føre til endringar i prosjektet. Dersom Statsbyggs utgreiingar viser at prosjektet ikkje kan realiserast som føresett, sjølv etter grundig bearbeiding og vurdering av alternative måter å gjenomføre prosjektet på, vil departementet måtte presentere saka for Stortinget på nytt.