Skriftlig spørsmål fra Einar Olav Skogholt (A) til sosialministeren

Dokument nr. 15:149 (1997-98)
Innlevert: 16.04.1998
Sendt: 17.04.1998
Besvart: 23.04.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Einar Olav Skogholt (A)

Spørsmål

Einar Olav Skogholt (A): I media framgår at Ullevål sykehus vurderer egenandel for bruk av hjelpemidler fra sprøytebussen i Oslo. Kan statsråden bekrefte at egenandeler ikke vil bli innført for denne tjenesten?

Begrunnelse

Jeg viser til at jeg i spørretimen for en tid tilbake spurte hva sosialministeren kunne/ville gjøre for å hindre at sprøytebussen i Oslo ble flyttet ut av Oslo sentrum.
For å spare penger skulle bussen gjøres mindre tilgjengelig. Nå virker det som Ullevål sykehus ønsker å spare penger på en annen måte, nemlig ved å ta betalt for sprøytene, kanylene, kondomene og returboksene som deles ut til de narkomane.
Sprøytebussen må forbli i Oslo sentrum og egenandeler for denne tjenesten må ikke bli innført.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: I mitt svar til representanten Skogholt i spørjetimen i Stortinget 18. mars d.å. gjorde eg greie for bakgrunnen for oppstarten av AIDS-informasjonsbussen eller sprøytebussen. Eg peika på at bussen no vert evaluert, mellom anna for å framskaffa eit betre grunnlag for avgjerd med omsyn til framtidig organisering og finansiering av tiltaket. Evalueringa vert sluttført i juni 1998.

AIDS-informasjonsbussen vert finansiert av Sosial- og helsedepartementet og Oslo kommune med 50% kvar. Departementet har henta “sine” midlar frå handlingsplanen mot HIV/AIDS-epidemien. Oslo kommune har ansvar for sjølve gjennomføringa av tiltaket.

Departementet har ikkje motteke signal frå Oslo kommune som tyder på at dei tek sikte på å innføre eigenandelar for bruk av hjelpemidlar frå sprøytebussen.

Smittevern på dette området er ei kommunal oppgåve. Eg har stor tiltru til at Oslo kommune ikkje innfører ordningar som kan svekka dette.

Eg vil og peika på at smittevernlova § 6-1 om rett til smittevern m.m andre ledd, slår fast at den, som det etter ei fagleg vurdering er grunn til å tru er i fare for å bli smitta med ein allmennfarleg smittsam sjukdom, har rett til nødvendig smittevernhjelp i form av vaksinasjon, informasjon og anna nødvendig førebyggjande hjelp. Anna nødvendig førebyggjande hjelp vil her omfatta til dømes sprøyter og kondom. For personar som ikkje kan betala for slik hjelp, skal tiltaket vera gratis. For personar som kan betala, er det juridisk ikkje noko i vegen for at det kan krevjast økonomisk godtgjering. I denne saka vil det vera vanskeleg å vurdera kven som kan betala, og kven som ikkje kan betala før slike tenester. Same paragraf og ledd siste setning lyder: “Smittevernhjelp som nevnt i dette leddet kan ikke nektes med den begrunnelse at det ikke er dekning for utgiftene på vedtatte budsjetter”