Skriftlig spørsmål fra Erling Folkvord (RV) til kommunal- og arbeidsministeren

Dokument nr. 15:144 (1996-97)
Innlevert: 10.06.1997
Sendt: 11.06.1997
Besvart: 18.06.1997 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Erling Folkvord (RV)

Spørsmål

Erling Folkvord (RV): "I spørretimen 5. februar 1996 kommenterte kommunalministeren saka til en arbeidssøker som var ilagt 8 ukers karantene før hun kunne få dagpenger fra arbeidskontoret. Årsaken var at hun hadde sagt opp en jobb fordi arbeidsgiver etter gjentatte løfter nekta å betale tarifflønn, samtidig som personer som var ansatt i samme bedrift og lønna med tilskott fra arbeidskontoret, fikk tarifflønn. Statsråden sa bl.a. at "Dersom dette i denne spesielle saka er den heile og fulle grunngjevinga, er det klart at arbeidskontoret ikkje har hatt høve til å ikkje å gje vedkomande arbeidsløysetrygd". Etter brevveksling med arbeidskontoret har arbeidssøkeren fått beskjed at det vil ta 8 - 10 måneder før hennes klage kan bli avgjort. Dette skyldes arbeidssituasjonen ved kontoret. Jeg ber om å få vite om statsråden vil gjøre noe i denne saka, eller om han generelt vil gjøre noe for å få saksbehandlingstida på slike enkle saker ned til et akseptabelt nivå."

Begrunnelse

Kjell Opseth (A)

Svar

Kjell Opseth: Eg viser til brevet Dykkar av 10. juni 1997.

Eg er sjølsagt oppteken av at klagesaker i dagpengeordninga generelt kan bli avgjort utan for lang ventetid. Eg kan likevel ikkje sjå at det vil vere rett av meg som statsråd å gripe inn med omsyn til handsaminga av ei einskildsak.

Handsamingstida er ikkje det einaste omsynet ein må ta i klagesakene. Det er og viktig at sakene blir grundig førebudde, slik at ein får rett avgjerd. Det er særleg gjennom klageordninga at ein har høve til å rette opp det som kan vere urette avgjerder i dagpengesakene.

Eg har fått opplysningar frå Arbeidsdirektoratet om sakshandsamingstida i klagesakene i dagpengeordninga. Det er særleg i Oslo og Akershus at dette no er eit problem. Lang handsamingstid ved Fylkesarbeidskontoret i Oslo og Akershus kjem fyrst og fremst av det høge talet på klagesaker, om lag 600 klagesaker i året. Arbeidsdirektoratet reknar no med at både talet på klagesaker og sakshandsamingstida vil gå ned, etter kvart som talet på arbeidsledige dagpengemottakarar minkar. Eg kan leggje til at handsamingstida ved Fylkesarbeidskontoret for Oslo og Akershus har vore frå 8 til 10 månader, men at denne er korta ned i den seinaste tida. Til dømes kan den saka som De har teke opp venteleg bli handsama eit par månader tidlegare enn det ein hadde rekna med, dvs. i august 1997.

Arbeidsdirektoratet har meldt at sakshandsamingstida i dei andre fylka i landet gjennomgåande er langt kortare enn i Oslo og Akershus.

Eg finn at ei sakshandsamingstid på 8 til 10 månader er for lang. Eg vil be Arbeidsdirektoratet greie ut tiltak som kan korte ned sakshandsamingstida.