Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:167 (1997-98)
Innlevert: 05.05.1998
Sendt: 06.05.1998
Besvart: 12.05.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Vigra flyplass har dei siste åra hatt ein sterk trafikkauke. Frå hausten 1998 vil to nye selskap trafikkere flyplassen i tillegg til det selskapet som er der no. Frå fleire hald vert det hevda at den gamle radiomasta ved flyplassen er til fare for trafikken. Deler statsråden dette synet, og kva vil han i så fall gjere for å styrke tryggleiken?

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Spørsmål vedrørande radiomasta ved Ålesund lufthamn, Vigra og flytryggleiken i området har fleire gonger tidlegare vore til handsaming i Samferdselsdepartementet, seinest ved svarbrev frå meg av 20. mars 1998, på spørsmål frå stortingsreperesentant Lodve Solheim. Eg legg ved kopi av dette brevet. I mars var eg på ny i kontakt med Norkring AS som eig masta, og har no igjen vore i kontakt med Luftfartsverket om saka.

Luftfartsverket opplyser at ei fjerning av Vigra kringkastar vil føre til ein monaleg betring i dei operative tilhøva. Ivaretakinga av dei miljømessige tilhøva vil og kunne bli betre. Når det gjeld tryggleiken, er den ved noverænde prosedyrer for inn- og utflygning sjølvsagt teke vare på etter forskriftene. Luftfartsverket har likevel den oppfatninga at ei fjerning av masta vil føre til at marginene for tryggleieken i luftfarten aukar.

Norkring hadde i mars i år ikkje nye opplysningar i saka, og dei viste derfor til sitt tidlegare brev av 12. september 1996. I brevet kjem Norkring AS, som eig kringkastaren, med si vurdering. Selskapet gjer greie for at Vigra kringkastar tener ein svært viktig funksjon som ein førebels ikkje kan erstatte med andre kjente tenester. Norkring har vidare vurdert konsekvensane ved å redusere mastehøgda, og har kome til at dette vil føre til ein radikal reduksjon i dekningsarealet. Eg viser elles til vedlagde kopi av brevet frå Norkring AS.

Eg har som ved tidlegare vurderingar i departementet, kome til ikkje å gripe inn i saka. Eg vil likevel følgje saka for å sjå om det ved eit seinare tilhøve skulle bli praktisk mogeleg å få til ei betring i marginene for tryggleiken i luftfarten ved Vigra.