Skriftlig spørsmål fra Britt Hildeng (A) til sosialministeren

Dokument nr. 15:184 (1997-98)
Innlevert: 20.05.1998
Sendt: 22.05.1998
Besvart: 27.05.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Britt Hildeng (A)

Spørsmål

Britt Hildeng (A): I dag er ca 25 mill. kroner, beregnet til eldrerådenes arbeid, overført til kommunene. Det viser seg imidlertid at kommunene bare i liten grad stiller dette beløpet til disposisjon for eldrerådene. Norsk Pensjonistforbund har vært opptatt av dette og beregnet hva som etter disse overføringene skulle vært brukt til eldrerådene. Det er f.eks. dokumentert at eldrerådene i Bergen skulle vært berettiget ca 1,3 mill kroner, men har fått under 600 000 til disposisjon. Vil statsråden gjøre noe med dette?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Dei midlane som frå 1993 er blitt løyvde til kommunane og fylkeskommunane til drift av eldreråda er gjevne gjennom dei generelle rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane. 26 mill kroner vart lagt inn i inntektsystemet i 1993 og er sidan vidareført. Midlane er m.a.o. ikkje øyremerkte. Det er kommunane sjølve som avgjer kor stor sum eldreråda skal få til drifta si. Denne ordninga vart sett i verk fordi ein ville ha ei finansiering som styrkjer det lokale demokratiet på ein slik måte at dei lokale behova i den enkelte kommune blir ivaretekne på best mogleg måte. Eldreråda ivaretek alle saker som har med eldre, og eldre sine kår i den kommunale og fylkeskommunale politiske prosessen. På den måten skal dei vera ein del av lokaldemokratiet.

I Sosial- og helsedepartementet sitt nye rundskriv I-26/98 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd er det sagt dette om kommunale løyvingane til drift av eldreråda:
"Det er ein føresetnad etter lova at kommunestyret/fylkestinget skal vedta budsjett for rådet og løyve dei naudsynte midla til å dekke drifta av rådet. Dette skal omfatte midlar til sekretariatsfunksjonen, arbeidsgodgjersle, jf. kommunelova § 42 og til å dekkje naudsynte utgifter til skyss, kost og overnatting etter dei satsar kommunen har vedteke jf. kommunelova § 41. Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget vedtek budsjett for rådet.”
Om sekretariatfunksjonen seier rundskrivet dette:
"Kommunen/fylkeskommunen er etter §§ 4 og 8 første ledd forplikta til å sikre ein høveleg sekretariathjelp for rådet.

Kommunane/fylkeskommunane har etter lova plikt til å leggje tilhøva praktisk til rette for at eldreråda skal kunne kome med tilråding før det blir teke viktige avgjerder som vedkjem eldre i kommunen/fylkeskommunen. Det følgjer av dette at kommunen/fylkeskommunen må syte for sekretariathjelp av slikt omfang at eldrerådet kan gjennomføra dei oppgåver lova legg på dei. Det er i forarbeida til lova rekna med at arbeidet vil vere av eit omfang som vil krevje ein tredels stilling.”

Eg vil i denne samanhengen nemna at departementet i det nye rundskrivet har skjerpa formuleringane om kommunen si plikt til å leggja høva til rette for eldreråda sitt arbeid.