Skriftlig spørsmål fra Sigrun Eng (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:212 (1997-98)
Innlevert: 05.06.1998
Sendt: 08.06.1998
Besvart: 12.06.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Kan statsråden medverke til at Stortingets fleirtalsvedtak ifrå 1991-92 om bygging av sykkel/gangveg der vegen vert nytta til skuleveg, og Hol kommune sitt gravearbeid kan gjerast i ein operasjon, og i eit spleiselag?

Begrunnelse

I samband med stamvegsvedtaket Innst. S. nr. 218 (1991-92) mellom Oslo-Bergen Rute 16 vart vegen gjennom Hallingdal «utpeikt» til midlertidig stamveg.

Ved votering fekk forslag nr. 6 fleirtal 129-20:

«Den sterkt økende trafikken som følger av etablering i 1991 av helårs ferjefritt samband Bergen-Oslo over Aurland-Hol, har ført til behov for gang- og sykkelstier der traseen går gjennom tettbygde strøk og hvor vegene nyttes som skoleveg. Stortinget ber Regjeringen snarest bygge ut nødvendige trafikksikrings- og miljøtiltak i de hardest belastede områder som Bogeparsellen, Trengereid, Aurland, Hovet og Skattebøl og videre langs rv 7 mot Hønefoss.»

Det har gått lang tid sidan vedtaket vart gjordt. Ein del av sykkel/gangvegane er utført, men gjennom Hovet i Hol kommune står det att ein god del. Det er og på denne parsellen delar av vegen er smal og uoversiktleg. Hol kommune skal no igang med legging av kloakk og vassledningar på deler av strekningen.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Eg kan opplyse om at Statens vegvesen Buskerud har utarbeida ei prioritert liste over gang- og sykkelvegar langs riksvegane i Buskerud. Denne prioriteringa vart stadfesta av Hovudutvalet for Samferdsel i Buskerud 16. desember 1997.
Gang- og sykkelvegprosjektet Djupedalen - Brattåker langs riksveg 50 i Hol kommune er her prioritert som prosjekt nr 39. Den prioriterte lista over gang- og sykkelvegar langs riksvegane i Buskerud skal reviderast innan utgangen av 1998, og det er difor uvisst kva plassering dette prosjektet får etter revisjonen.

Statens vegvesen Buskerud opplyser vidare at dette prosjektet ikkje vil bli tatt opp til planlegging no sidan prosjektet er såpass lågt prioritert lokalt.


Eg er samd i at det kan vere rasjonelt å byggje gang- og sykkelveg samtidig med at kommunen legg kloakk og vassledningar på deler av strekninga. Eg vil likevel vise til at prosjektet er lågt prioritert av fylkeskommunen, og eg vil ikkje overprøva dei lokale styresmakter i ei sak som denne.