Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:220 (1997-98)
Innlevert: 08.06.1998
Sendt: 09.06.1998
Besvart: 18.06.1998 av fiskeriminister Peter Angelsen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): I samband med Statsbudsjettet for 1998 vart det endeleg bevilga midlar til utbetring av hamna i Geilevika i Giske kommune i Møre og Romsdal.
Kommunen har no fått beskjed om at midlane skal brukast andre stader, og at det ikkje blir gjort noko på anlegget i år.
Kva er årsakene til dette, og kva vil statsråden gjere for at arbeidet på denne hamna kan kome i gang snarast råd?

Peter Angelsen (Sp)

Svar

Peter Angelsen: Det er korrekt at det i samband med statsbudsjettet for 1998 var sett av midlar til utbetring av hamna i Geilevika i Giske kommune i Møre og Romsdal. Hausten 1997, etter at budsjettet var lagt fram, oppstod det betydelege skader på moloar i Troms og Finnmark. Dette var dels forverring av skader som hadde oppstått vinteren 1997, og dels nye skader. For å kunne gjere dei nødvendige moloreparasjonene, har investeringar i nye hamneanlegg i 1998 i hovudsak måtte stillast i ro så langt.

Regjeringa har i revidert budsjett, jfr St.prp. nr. 65 (1997-98), foreslått ei styrking av budsjettet for fiskerihavner (kap. 1064, post 30) med 13,2 mill kroner. Først når revidert budsjett er handsama, vil vi kunne ta stilling til dei endelege prioriteringane i 1998, herunder kva for nyanlegg som eventuelt vil kunne startast opp.

Eg vil imidlertid gjera mitt beste for at arbeidet i Geilevika kan setjast i gang snarast råd.