Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:226 (1997-98)
Innlevert: 10.06.1998
Sendt: 11.06.1998
Besvart: 18.06.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Det har i fleire år vore arbeidd for å etablera eit påbyggingsstudium i samfunnstryggleik ved Høgskulen i Stavanger. Både ideen om eit slikt studium og framlegg til studieplanar har hatt brei støtte og har så langt vorte godt mottekne.
Søknad om etablering vart sendt 5.11.97. Høgskulen ser det som ynskjeleg å starta opp studiet frå hausten 1999 dersom studiet vert tilført studieplassar og pengar over statsbudsjettet. Det er og aktuelt å henta midlar frå andre kjelder. Er statsråden innstilt på å imøtekoma denne søknaden, og kva tid kan svar liggja føre?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg viser til spørsmål til skriftleg svar frå representanten Oddbjørg Ausdal Starrfelt 8. juni 1998 om etablering av påbyggingsstudium i samfunnstryggleik ved Høgskolen i Stavanger sendt over 11. juni 1998.

Høgskolen i Stavanger søkte om etablering av studiet i samfunnstryggleik 14. mars 1997. Etter at studiet hadde vore fagleg vurdert av det dåverande Ingeniørutdanningsrådet, fekk høgskolen ei tilbakemelding frå departementet i november 1997. Departementet informerte høgskolen om at ein i utgangspunktet er positiv til etablering av studiet i samfunnstryggleik, men at studiet må finansierast gjennom omdisponering av studieplassar.

Både Fylkesmannen i Rogaland og Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) har engasjert seg for å få etablert studiet i samfunnstryggleik. I mars i år fekk eg eit brev frå fylkesmannen med førespurnad om eit møte i saka. Dette takka eg ja til, og 2. april i år møtte eg fylkesmannen, direktøren for DSB og rektor og studiesjef ved Høgskolen i Stavanger. På dette møtet understreka eg igjen at departementet ser positivt på studietilbodet i samfunnstryggleik, og at departementet ikkje har faglege argument som talar mot etablering. Eg gjorde det klårt at både Justisdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil kunne stille nokre utviklingsmidlar til rådvelde i 1998 og 1999. Eg har også fått inntrykk av at Fylkesmannen i Rogaland og DSB vil kunne stille utviklingsmidlar til disposisjon. Eg ser det likevel slik at studiet i hovudsak må finansierast gjennom omdisponeringar ved Høgskolen i Stavanger.

På møtet blei det semje om at Høgskolen i Stavanger skulle vurdere moglege omprioriteringar for å få permanent finansiering av studiet i samfunnstryggleik. I brev frå Høgskolen i Stavanger, dagsett 14. april i år, heiter det likevel:

Høgskolen har foretatt en slik vurdering, men finner dessverre ikke mulighet for omdisponering. På lengre sikt kan omdisponering være mulig, men det er grunn til å tro at midlene må benyttes til å styrke eksisterende studier.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet finn ikkje at tilbakemeldinga frå Høgskolen i Stavanger er tilfredsstillande. Brevet frå høgskolen gjev ikkje signal som gjev grunnlag for å sjå ei klår løysing på saka på rimeleg kort sikt. Dette har departementet gjeve høgskolen tilbakemelding om i eit brev som blei sendt tidleg i juni.

Ut frå faglege grunnar ser eg altså klart positivt på å få etablert eit studium i samfunnstryggleik ved Høgskolen i Stavanger. Eg kan likevel ikkje pr. i dag gje garantiar for finansiering av eit slik studium med friske midlar over statsbudsjettet. I brevet frå departementet til høgskolen blir det likevel gjentatt at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil kunne medverke økonomisk til utvikling av studiet i 1998 og 1999. Saka vil bli handsama vidare når Høgskolen i Stavanger har vurdert ho på ny.

Eg har elles merka meg at forsvarskomiteen i Stortinget i Innst.S.nr.241 (1997-98) om hovudretningsliner for det sivile beredskap si verksemd og utvikling i tida 1999-2002 gjer sin støtte til det planlagde studietilbodet.