Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:236 (1997-98)
Innlevert: 17.06.1998
Sendt: 17.06.1998
Besvart: 24.06.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): Stortinget vedtok i desember 1996 å opprette ein fast stilling som pilegrimprest i Hamar bispedømme frå 1997. Hamar bispedømmeråd vedtok i oktober 1997 at stillinga skulle plasserast i Dovre for å vidareføre pilegrimsarbeidet i kommunen. Det er utarbeidd ein avtale mellom bispekontor og kommune. Det er semje om fordeling av arbeidet. Stillinga er enda ikkje utlyst og det er ingen som arbeider som pilegrimprest i Hamar bispedømme. Korleis kan dette skje? Vil Statsråden følge dette opp?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Departementet er kjent med at Hamar bispedømmeråd, med bakgrunn i ein vanskeleg budsjettsituasjon i bispedømmet, har venta med å utlyse stillinga som pilegrimsprest. Bispedømmerådet har difor søkt om ytterlegare midlar i 1998 for å kunne utlyse stillinga.

Den vanskelege budsjettsituasjonen i bispedømma, mellom anna i Hamar, var bakgrunnen for framlegget i St prp nr 65 (1997-98) under budsjettkapitlet 0295 Presteskapet.

Departementet vil no særskilt vurdere bispedømmerådet sin søknad. Avgjerd i saka vil skje om kort tid.