Skriftlig spørsmål fra Sonja Irene Sjøli (H) til sosialministeren

Dokument nr. 15:237 (1997-98)
Innlevert: 17.06.1998
Sendt: 17.06.1998
Besvart: 25.06.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Sonja Irene Sjøli (H)

Spørsmål

Sonja Irene Sjøli (H): Nome Kommune har redusert tilbudet om hjemmesykepleie betraktelig for en sterkt trafikkskadet gutt. Han fikk tidligere hjelp fra hjemmesykepleien frem til kl. 2200, men kommunen har av økonomiske grunner redusert tilbudet til kl. 1500, nå utført av hjemmehjelpstjenesten. Hvilke rettigheter har trafikkskadde til et faglig forsvarlig omsorgs- og behandlingstilbud? Finnes det øremerkede tilskuddsordninger rettet mot denne gruppen? Hvem har ansvaret hvis tilbudet ikke er forsvarlig?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Eg ber om forståing for at eg ikkje kan gå inn i den konkrete saka som er nemnt i spørsmålet.

Det gjeld ikkje særreglar i lovverket for trafikkskadde. Det finst heller ikkje særlege øyremerka tilskottsordningar for pleie- og omsorgstenester til denne gruppa.

Eg vil knytte nokre generelle merknader til det regelverket som regulerer retten til pleie- og omsorgstenester.

Etter kommunehelsetenestelova har alle rett til nødvendig helsehjelp, under dette heimesjukepleie, frå kommunen. For at dette kravet skal vere oppfylt, må helsehjelpa vere fagleg forsvarleg og kommunen må yte nok hjelp.

Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål, har krav på tenester etter sosialtenestelova. Mellom anna er praktisk bistand i daglege gjeremål ei viktig tenesteform. Hjelpa skal ligge på eit forsvarleg nivå i forhold til dei behova som skal dekkjast. Eit vedtak om tildeling av hjelp som ikkje er i samsvar med dette kravet, kan ikkje godtakast ut frå omsynet til kommuneøkonomien. Omsynet til kommuneøkonomien er altså ikkje grunngjeving god nok for å ikkje gi naudsynt hjelp.

Det er kommunen som har ansvaret for å yte tenester etter dei to nemnde lovene. Dersom tenestemottakaren ikkje er einig i kommunen sitt vedtak, kan vedkommande klage til fylkeslegen over vedtak om heimesjukepleie og til fylkesmannen over vedtak om tenester etter sosialtenestelova. I klagebehandlinga vil det bli vurdert om det tenestetilbodet som blir gitt er forsvarleg og om det er grunnlag for å gjere om tidlegare vedtak.