Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:253 (1997-98)
Innlevert: 24.06.1998
Sendt: 26.06.1998
Besvart: 03.07.1998 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Media har dei siste dagane meldt om dårlege eksamensresultat og høg strykprosent i deler av høgre utdanning. Eit av døma gjeld matematikk ved lærarutdanninga, der ein høgskule melder om 50 pst stryk og dårlege resultat elles. Kva meiner Statsråden er årsakene til dette, korleis vurderer han dei langsiktige verknadane på kunnskapsnivået i norsk skule, og kva vil han gjere for å bøte på dette?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg viser til spørsmål til skriftleg svar frå representanten Petter Løvik 24. juni 1998 om dårlege eksamensresultat og høg strykprosent i delar av høgre utdanning som blei sendt over 26. juni 1998. Matematikk i lærarutdanninga blir brukt som døme, på grunnlag av at ein høgskole melder om 50 prosent stryk. Saka har blitt aktuell på grunn av oppslag i media dei siste dagane.

Det har vore eit overordna mål at flest mogleg av dei som søkjer høgre utdanning i Noreg skal få eit tilbod i tråd med deira individuelle ønskje. Etterspurnaden og tilstrøyminga til høgre utdanning i Noreg har auka kraftig sidan midten av 1980-talet. Dei siste ti åra har kapasiteten innanfor norsk høgre utdanning auka kraftig, og talet på registrerte studentar har stige frå 101 381 i 1988 til 166 065 i 1997.

Til tross for kapasitetsauken har det vore viktig at universitet og høgskolar held eit høgt nivå på utdanninga, og at kvalitetskrava til studentane er dei same. Strykprosenten for dei ulike faga innanfor høgre utdanning varierer frå år til år. Av og til kan den vere høgre enn kva som kan forventast, og det kan vere grunn til å sjå nærmare på saka. Dårlege eksamensresultat i norsk eit år ved lærarutdanninga var årsak til at det for ei tid sidan blei gjennomført ei evaluering av norskfaget.

Sidan matematikk spesielt er trekt fram, vil eg peike på at strykprosenten i matematikk generelt er høg både ved universitet og høgskolar. Matematikk er dessutan eit av dei obligatoriske faga i allmennlærarutdanninga. Ein av årsakene til den høge strykprosenten kan vere at det faglege grunnlaget frå vidaregåande opplæring generelt er svakt. Departementet har difor sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje naturvitskap, teknologi og matematikk på alle nivå i utdanninga. Om desse tiltaka er tilstrekkelege er for tidleg å seie, men vi kan i alle fall sjå at ein aukande del av ungdomskulla no vel fordjuping i til dømes matematikk og fysikk i vidaregåande opplæring. Vidare aukar søkinga til ein del teknologiske og naturvitskaplege studium innanfor høgre utdanning.

Dersom det viser seg at eksamensresultata frå ulike utdanningar i år er særleg svake, vil eg sjå nærmare på saka. Kvalitetssikring av utdanninga ved universitet og høgskolar blir stadig
viktigare. Noregsnettrådet, som nyleg vart oppnemnt, skal utvikle felles retningslinjer og prosedyrar for arbeidet med evaluering og kvalitetssikring i sektoren. Det kan såleis vere aktuelt å la rådet gjere ein nærmare analyse av eksamensresultata.