Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:268 (1997-98) Innlevert: 02.09.1998 Sendt: 02.09.1998 Besvart: 08.09.1998 av nærings- og handelsminister Lars Sponheim
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Innan TEKO-industrien er det stadig meir vanleg å krevja prøveeksemplar av heile kolleksjonar i anbodsrundar. Dette virkar konkurransevridande til fordel for store bedrifter. Er dette, etter Næringsministaren sitt syn, i tråd med internasjonalt regelverk?
Lars Sponheim: Eg legg til grunn for svaret at innkjøpet er omfatta av forskrift om tildeling av kontraktar om offentlege varekjøp, fastsett ved kongeleg resolusjon 4. desember 1992. Forskrifta gir ein offentleg oppdragsgjevar rett til å krevje framlagt «prøver...av varer som skal leveres», så fremt kravet er i samsvar med «arten, mengden og anvendelsen av de varer som skal leveres». Samstundes må ikkje kravet gå utover «det kontrakten tilsier», jf § 30 nr 1bokstav d og nr 3 i forskrifta. Sjølv om det med dette gis to grenser, vil vurderinga av dei to langt på veg vere samanfallande. Når det gjeld heile kolleksjonar, fylgjer det av ordlyden at det berre er mogleg å krevje framlagt prøveeksemplar av varer som skal leverast. Ein kan difor ikkje krevje framlagt en heil kolleksjon dersom det berre er visse produkt som er aktuelle. Innafor denne grensa vil vurderinga vere skjønnsmessig og må knytast til den aktuelle kontrakten. Gjeld kontrakten til dømes eit større kjøp av jakker, vil ein vel kunne krevje prøvar på jakka i dei fargar som vert tilbydd, særleg dersom utsjånaden er viktig for valet. På den annen side vil det neppe vere mogleg for ein oppdragsgjevar å krevje til dømes 10 prøveeksemplar ved kjøp av 100 kjeledressar. Rettleiande vil vere å spørje seg om omfanget av plikta til å levere prøvar står i rimeleg forhold til den aktuelle kontrakten.