Skriftlig spørsmål fra Hallgrim Berg (H) til kulturministeren

Dokument nr. 15:3 (1996-97)
Innlevert: 08.10.1996
Sendt: 08.10.1996
Besvart: 15.10.1996 av kulturminister Åse Kleveland

Hallgrim Berg (H)

Spørsmål

Hallgrim Berg (H): "Riksteateret blir i Oslo. Den påfølgjande søknaden om eit Nasjonalt Kulturverksted i Drammen er ikkje eingong omtalt i statsbudsjettet for 1997, trass i positive utsegner frå departementet og nært samarbeid mellom byen, fylket og departementet i utviklinga av prosjektsøknaden. Korleis skal dette tolkast, og kva framdriftstempo kan ein rekne med i denne saka?"

Begrunnelse

Som kjent gjorde stortingsfleirtalet i vår vedtak om at Riksteateret skulle samlokaliserast med Rikskonsertane og Riksutstillingar i Oslo. Mindretalet røysta for Drammen.
Drammens-alternativet hadde ei rekke gode argument og føresetnader, og det var mykje ros å høyre frå både Stortinget og frå regjeringshald om Drammens-planane og det grundige arbeidet som var nedlagt frå lokalt hald.
Då dette alternativet fall, vart det samstundes uttrykt stor interesse for ymse "kompensasjonstiltak" til byen. Det vart hevda med styrke frå fleire talarar, også frå regjeringspartiet, og møtte skjønsemd hos kulturministeren.
Planane om eit Nasjonalt Kulturverksted i Drammen siktar mot ei nyskaping innan norsk kulturliv. M.a. skal det skipast ei produsent- og formidlingseining i Unions lokale på Grønland for teater og kunstutstillingar. Samarbeidspartnarar blir Drammens Teater og Kulturhus og Stiftelsen Drammens Museum som dei viktigaste. Tiltaket kan få stor verknad for kulturlivet i byen og styrke utbygginga av Grønland, langt på veg som ein parallell til bygge- og kultursatsing i Oslo i aust.
Med dei ytterst små løyvingar til kulturformål frå staten til "byen i Oslo-skyggen", er dei føreliggjande planane velkomne og løfterike.
Då framlegget til statsbudsjett vart presentert 4. oktober, var ikkje prosjektet kome med på løyvingssida. Det var ikkje eingong omtalt i eit komande prosjekt i proposisjonen, og det vart heller ikkje nemnt på den 11/2 timar lange pressekonferansen som statsråden heldt i Filmens Hus same dag.
Dette uroar entusiastar og folkevalde på alle nivå i Buskerud. Ifølgje avisa Fremtiden 5. oktober er ordførar Lise Christoffersen skuffa og forundra. Fylkeskultursjef Åse Klundelien er "forskrekket". Ho seier til avisa: "Jeg er forskrekket over at kulturverkstedet ikke er omtalt i budsjettet i det hele tatt. Da vi sendte søknaden i slutten av august, gjorde vi dette med en klar forståelse av at dette skulle skulle behandles nå". Ho opplyser og at søknaden er utarbeidd "i nær kontakt med departementet" og er difor undrande til argumentet frå informasjonssjef Berit Griebenow som i DT.BB 5. oktober uttalar at søknaden kom for seint.
På denne bakgrunn er det naturleg å stille spørsmål om oppfølginga, då eg reknar med at premissane og måla er politisk gjevne i denne saka.

Åse Kleveland (A)

Svar

Åse Kleveland: Eg visar til Dykkar spørsmål om ein Nasjonal kulturverkstad i Drammen dagsett 7. oktober 1996.
I samband med kommunen og fylkeskommunen sitt arbeid med eit institusjonelt konsept for kulturområdet har det vore løpande kontakt mellom Kulturdepartementet og regionen.
Kulturdepartementet fekk budsjettsøknaden frå Buskerud fylkeskommune om støtte til Nasjonal kulturverkstad i Drammen den 26. august 1996. På det tidspunktet hadde arbeidet med budsjett kome så langt at det ikkje var mogleg for departementet å ta saka opp i samband med budsjettet for 1997. Dette vart fylkeskommunen informert om. Kulturdepartementet vil behandle søknaden på ordinær måte. Vi er i den samanhengen innstilte på å vidareføre den positive dialogen med regionen.