Skriftlig spørsmål fra Oscar D. Hillgaar (Uav) til kommunal- og arbeidsministeren

Dokument nr. 15:16 (1996-97)
Innlevert: 05.11.1996
Sendt: 05.11.1996
Besvart: 11.11.1996 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Oscar D. Hillgaar (Uav)

Spørsmål

Oscar D. Hillgaar (Uav): "Vil kommunalministeren forhindre at der skjer en utgliding og uthuling av arbeidsmiljølovens overtidsbestemmelser, inkludert maksimaltimetall, og innskjerpe lovens bestemmelser overfor eventuelt berørte offentlige instanser?"

Begrunnelse

I den senere tid har det fremkommet at det på arbeidsplasser innen offentlig sektor, forsvaret og Luftfartsverket, synes å være usikkerhet omkring tolkningen av arbeidsmiljølovens maksimal grenser for arbeidstid og overtid. Ordinær øvingsvirksomhet eller regelmessige/langtidsplanlagte øvinger synes å være søkt tolket slik at arbeidsmiljølovens (AML) paragraf 49, pkt. d (overtidsarbeide for arbeidskraft med spesiell kompetanse mv.) er søkt koblet til unntaksbestemmelsene i paragraf 53, som under henvisning til ulykker mv setter AML-tidbegrensingen til side.
Det oppgis at dette i praksis har skjedd ved at det ved ordinær øvingsvirksomhet, eller ved planlagte øvinger, ikke er begrenset medgått overtid og denne overtids forhold til arbeidsmiljølovens overtidsrammer, ref. paragraf 49 og paragraf 50. Det synes ikke å ha skjedd noen svikt i kompensasjonssammenheng, men en svikt i vurderingen av hva som er overtid i arbeidsmiljølovens rammebegrep.

Kjell Opseth (A)

Svar

Kjell Opseth: Eg viser til Dykkar brev av 5. november 1996.
Fyrst vil eg understreke at eg er oppteken av at arbeidsgjevarane følgjer reglane i arbeidsmiljølova, anten dette er offentlege eller private verksemder. Eg ser ingen skilnad mellom desse to områdene når det gjeld målsetjinga om at lovas krav skal følgjast, så fremt lova stiller eins krav.
I hovudregelen gjeld reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova også for offentlege verksemder.
Når det gjeld reguleringa av arbeidsmiljøet og arbeidstid, for verksemd tilknytt Forsvaret gjeld særskilde reglar. Unntaka har opphav i dei særskilde forholda som gjer seg gjeldande innan desse områda. Mellom anna gjeld særskilde reglar tilknytt arbeidstid for øvingar i feltet. Av kongeleg resolusjon av 17. juni 1977 punkt B II nr 3 følgjer at:

"Feltmessig øvingsvirksomhet som på en realistisk måte har til hensikt å øve Forsvaret i å kunne virke effektivt i en krise- eller krigssituasjon, unntas fra loven".

Vidare følgjer det av kongeleg resolusjon av 1. oktober 1982 at:

"Virksomheter som betjener Forsvaret i tilknytning til feltmessig øvingsvirksomhet, unntas fra lovens kap X. Unntaket gjelder for den periode de militære avdelinger forbereder, gjennomfører og avslutter en øving".

Dette inneber at reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova ikkje gjeld for verksemd tilknytt feltmessige øvingar i Forsvaret. Det følgjer også at mellom anna den verksemd Luftfartsverket driv i tilknyting til øvingane som nemnd foran, er unntatt frå reglane om arbeidstid.
Følgjene av at til dømes arbeid under øvingar som nemnd ovanfor er unntatt frå reglane om arbeidstid, er at dette arbeidet som vanlegvis vert behandla som overtid etter dei alminnelege reglane om arbeidstid, ikkje skal reknast inn i den overtida som skjer utanfor øvinga.
Når det gjeld flygande personell innan sivil luftfart gjeld ikkje reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova. Det er heller ikkje fastsette andre reglar om arbeidstid for desse arbeidstakarane. Innan dette feltet regulerer tariffavtaler arbeidstida.
Når det gjeld handhevinga av reglane om arbeidstid vil sjølvsagt Arbeidstilsynet på vanleg måte føre tilsyn med dei verksemder som er omfatta av reglane. Arbeidstilsynet prioriterar dei offentlige på lik line med dei private verksemdene.