Skriftlig spørsmål fra Karin Andersen (SV) til sosialministeren

Dokument nr. 15:17 (1998-99)
Innlevert: 12.10.1998
Sendt: 12.10.1998
Besvart: 19.10.1998 av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa

Karin Andersen (SV)

Spørsmål

Karin Andersen (SV): I nyhetssendingene i NRK, mandag 12.10.98, ble det meldt at fremdeles bor over 200 unge uføre på alders- og sjukehjem. Unge uføre skal ikke bo slik. De skal ha egen bolig og hvis de ønsker det skal boligen være integrert i den vanlige boligmassen.
Hva vil ministeren gjøre for å få fortgang i saken og når vil tilbudet om egen bolig være en realitet for disse ungdommene?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Det er kommunane som etter sosialtenestelova, og kommunalhelsetenestelova avgjer om det skal gjevast tilbod om plass i sjukeheim, aldersheim eller anna tilbod. Regjeringa meiner at yngre funksjonshemma ikkje bør plasserast varig på alders- og sjukeheimar mot deira eigen vilje.

Frå 1996 har det vore eit eige stimuleringstilskot som skulle setja kommunane betre i stand til oppbygging av andre former for bu- og omsorgstilbod til funksjonshemma. Fyrste året var stimuleringstilskotet på kr 300 000,-. Eit av signala frå kommunane var at dette ikkje var nok. Tilskotet blei difor auka til kr 600 000,- som skulle utbetalast over 3 år. Dette fekk også verknad for dei kommunane som fekk tilskot i 1996. Det blei i 1996 gjeve tilskot til utflytting av 86 personar. I 1997 vart det gjeve tilskot til utflytting av 55 personar. Det er for 1998 søkt om tilskot til utflytting av 40 personar.

Det er i St prp nr 1 (1998 – 99) føreslått å vidareføra løyvinga på 45 mill. kroner til stimulering av kommunane i samband med utflytting av yngre funksjonshemma som bur på alders- og sjukeheimar.

Regjeringa har som eit av sine satsingsområde å betra levekåra for funksjonshemma. For mellom anna å gjera det lettare å flytta frå institusjon har vi auka løyvinga til brukarstyrt personleg assistent. Det er etablert to treningsbustader utanfor institusjon. Desse skal fungera som ein mellomstasjon i rehabiliteringsprosessen der målet er å kunna bu åleine etter eit institusjonsopphald. Det er også etablert gode støtteordningar gjennom Husbanken for oppføring/tilpassing av bustad.

For å sikra jamgode tilbod i dei ulike kommunane, vert det sett konkrete krav i rundskriv I-18/98 "Tilskott til utskriving av unge funksjonshemma frå aldersinstitusjonar og spesialsykeheimar". Desse krava må kommunane innfri for at tilskotet skal koma til utbetaling.

For å nå dei kommunane som ikkje lar høyra frå seg, og som vi veit har yngre funksjonshemma buande på alders- og sjukeheimar, ynskjer vi ei tettare oppfølging av kommunane frå fylkesmannen si side. Vi legg også vekt på eit nærare samarbeid mellom fylkesmennene og fylkeslegane.

Vi førebur også oppsøkjande verksemd overfor kommunar som har relativt mange yngre funksjonshemma buande i institusjon. Målet er å informera leiarane i dei aktuelle kommunane om dei praktiske løysingane som finst for å få til utflytting.

Eg gjer merksam på at Regjeringa ikkje, innafor dagens regelverk, kan instruera kommunane på dette området. Vi kan derimot setja i gang tiltak som gjer det lettare for kommunane å starta utflyttingsprosessen.

Vedlegg til svar:

Rundskriv I-18/98 fra Sosial- og helsedepartementet.

Tilskudd til utskriving av unge funksjonshemmede fra aldersinstitusjoner og spesialsykehjem.