Skriftlig spørsmål fra Anita Apelthun Sæle (KrF) til justisministeren

Dokument nr. 15:17 (1996-97)
Innlevert: 07.11.1996
Sendt: 07.11.1996
Besvart: 13.11.1996 av justisminister Anne Holt

Anita Apelthun Sæle (KrF)

Spørsmål

Anita Apelthun Sæle (KrF): "Justisministeren har uttala at ho vil sjå på og setja seg nærare inn i regelverket før ho vil uttala seg om departementet sin praksis med omsyn til utvisning av asylsøkjarar. Eg tillet meg i denne samanhengen å spørja:
Vil Justisministeren sjå på kva faktorar det vert lagt vekt på for å verifisere asylsøkjarar frå Kenya sine påstander om tortur eller annan krenking av menneskerettar?"

Begrunnelse

Anne Holt (A)

Svar

Anne Holt: Asylsaker frå Kenya kan i dag verifiserast gjennom vår ambassade i Nairobi/Kenya. Vi har der stasjonert ein eigen utlendingsattachè, som tek seg av dette arbeidet. Utlendingsforvaltninga avgjer kva saker som skal verifiserast. Avgjerande for om slik verifisering kan finna stad er at asylsøkjaren gjev eksakte tidspunkt for overgrep, korrekte namn, stadnamn og adresser. Utlendingsattachèen har bygd opp eit breitt nettverk av mellom anna lokale advokatar, menneskerettsorganisasjonar, herunder FN's høgkommissariat for flyktningar i Nairobi og andre land sine ambassadar, til hjelp i verifiseringsarbeidet. Alle opplysningar vert sjølvsagt handsama slik at søkjarane ikkje skal kunne identifiserast av styresmaktene i heimlandet.