Skriftlig spørsmål fra Anita Apelthun Sæle (KrF) til justisministeren

Dokument nr. 15:18 (1996-97)
Innlevert: 07.11.1996
Sendt: 07.11.1996
Besvart: 13.11.1996 av justisminister Anne Holt

Anita Apelthun Sæle (KrF)

Spørsmål

Anita Apelthun Sæle (KrF): "Justisministeren har uttala at ho vil sjå på og setja seg nærare inn i regelverket før ho vil uttala seg om departementet sin praksis med omsyn til utvisning av asylsøkjarar. Eg tillet meg i denne samanhengen å spørja:
Vil Justisministeren vurdere politiet sine rutiner og måte å handsame asylsøkjarar på som har fått avslag på sin asylsøknad?"

Begrunnelse

Anne Holt (A)

Svar

Anne Holt: Retningslinjene som gjeld for politiet si handsaming av asylsøkjarar som har fått avslag på sin søknad skal ivareta ulike omsyn. Først og fremst skal dei ivareta omsynet til at søkjaren kan forlate landet i verdige former.

I tillegg skal reglane, bl.a. ut frå dei krav som flyselskapa stiller, ivareta omsynet til sikker transport.

Justisdepartementet går for tida igjennom retningslinjene som i dag gjeld for uttransportering av asylsøkjarar. Vi vil i denne samanhengen bl.a. innarbeide et punkt som sikrar at asylsøkjarar som ikkje reiser frivillig, får rimeleg tid til å pakke og til å ta med seg bagasje.