Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:23 (1998-99)
Innlevert: 16.10.1998
Sendt: 16.10.1998
Besvart: 23.10.1998 av barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): I FN sin barnekonvensjon (art 12) er det vektlagt at barn skal få seia si meining og at det skal takast tilbørleg omsyn til den. I saka om «Knut» som me kjenner frå media, er det ikkje oppnemd eigen talsperson for barnet. Vedtak er fatta stikk mot barnet sitt ønske. Knut sin nærmaste omsorgsperson er ikkje rekna som part i saka, trass i mange år omsorgsansvar. Korleis kan barne- og familieministeren sikra at barnet sin rett og rettstryggleik går føre dei vaksne sine rettar?

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Med utgangspunkt i den mykje omtala «Knut-saka» stiller Rita Tveiten spørsmål om korleis eg som barne- og familieminister kan sikra at bornet sin rett og rettstryggleik går føre dei vaksne sine rettar. Det er mellom anna vist til at «Knut» ikkje har fått oppnemnd talsperson og at hans nærmaste omsorgsperson ikkje er rekna som part i saka.

Eg vil først gjera merksam på at eg som barne- og familieminister ikkje kan gripa inn i enkeltsaker. Eg vil difor drøfta spørsmålet frå representanten Tveiten på generelt grunnlag. Etter barnevernlova av 1992 blir avgjerder om mellom anna omsorgsovertaking tatt av fylkesnemndene for sosiale saker. Fylkesnemndene sine avgjersler kan berre overprøvast og eventuelt gjerast om av domstolane.

Eitt av føremåla med barnevernlova frå 1992 var nettopp å styrka rettstryggleiken både for born og foreldre i barnevernsaker. For å sikra rettstryggleik i sakshandsaminga blei det oppretta fylkesnemnder. Fylkesnemndene er statlege, uavhengige organ som i hovudsak følgjer dei same sakshandsamingsreglar og prinsipp som gjeld for domstolane. Vedtak i fylkesnemnda vert fatta etter eit forhandlingsmøte der saka vert grundig klargjort over gjennom mellom anna parts-, vitne og sakkunnige forklaringar. I den einskilde sak er fylkesnemnda samansett av 5 medlemmer; ein jurist, to sakkunnige og to lege medlemmer.

Etter lova er utgangspunktet at born skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine. Derfor er vilkåra for å treffa vedtak om omsorgsovertaking strenge. At vilkåra er strenge er like mykje av omsyn til barnet som til foreldra. Eg trur ikkje det er usemje om at det er best for born å vekse opp ljå foreldra sine når desse kan gi bornet ein forsvarleg omsorgssituasjon.

Ved vurderinga av tiltak etter lova, skal det leggjast «avgjørende vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet». Prinsippet om omsynet til barnet sitt beste er nedfelt i barnevernlova § 4-1 og inneber mellom anna at ved motstrid mellom barnet og foreldra sine behov skal omsynet til barnet være overordna omsynet til foreldra.

Etter lova skal born som har fylt 12 år alltid få seia meininga si før det blir tatt avgjerd om mellom anna flytting og omsorgsovertaking. Born under 12 år skal informerast og takast med på råd når barnet si utvikling, modning og sakas art tilseier det. Når lova ikkje stiller absolutte krav om at born uansett alder skal seia meininga si i barnevernsaker, har dette mellom anna samanheng med at born i slike saker ofte vert utsett for eit stort press frå ulike vaksenpersonar som alle ønskjer det beste for barnet. Det kan vera ei stor påkjenning for born å måtte ha ei mening i så tilspissa situasjonar som det her ofte er tale om.

Ein måte å la barnet få seia meininga si på er å oppnemna talsperson for barnet. Etter lova er det opp til fylkesnemnda si leiar i den einskilde sak å avgjera om det skal oppnemnast talsperson for barnet. Talspersonen skal ikkje vera ein sakkunnig, men ein person som har erfaring frå arbeid med born. Talspersonen skal etter samtale med barnet, framstilla saka frå barnet sin synsvinkel og gje sin sjølvstendige vurdering av saka overfor fylkesnemnda. Det er også andre måtar å få fram barnet si meining i ei slik sak, mellom anna ved at det var oppnemnd sakkunnige eller at barneverntenesta sakshandsamar eller eit eller fleire av fylkesnemnda sine medlemmer snakkar med barnet. Barnet sin alder, modning og tilhøva i saka elles vil ofte vera avgjerande for kva løysing som vert valgt i den einskilde saka. Etter lova skal det leggjast vekt på barnet si meining. At barnet si meining skal tilleggjast vekt, tyder likevel ikkje at ho alltid skal tilleggjast avgjerande vekt. Som nemnt ovafor skal det leggjast avgjerande vekt på kva som etter ei totalvurdering er til barnet sitt beste. Det er ikkje alltid slik at born er i stand til å vite sitt eige beste. Det er heller ikkje alltid slik at det barnet seier i ein pressa situasjon er uttrykk for det barnet faktisk ønskjer. Det barnet seier er ofte prega av det som er meininga til dei dei lever saman med.

Partar i barnevernsaker er foreldra til barnet og barneverntenesta. Born kan utøve sjølvstendige partsretter når dei er over 15 år. Fosterforeldre eller andre slektningar har i hovudsak ikkje partsrettar. Dette inneber likevel ikkje at ikkje andre enn foreldra og barneverntenesta får uttale seg i saka. Fosterforeldre, nære slektningar og andre som kjenner tilhøva for barnet får ofte uttale seg som vitner før det blir tatt avgjerd. I saker som gjeld oppheving av vedtak om omsorgsovertaking har fosterforeldre etter lova ein rett til å uttale seg.

Etter mi meining er barn sin rettstryggleik godt ivaretatt i barnevernlova. Det betyr ikkje at det ikkje er rom for forbetringar. Eg trur likevel at ein bør vera varsom med å trekka generelle konklusjonar på grunnlag av enkeltsaker. Ei slik sak har dessutan som regel fleire sider enn dei som kjem til uttrykk gjennom media. Store delar av barnevernlova, herunder talspersonordninga, er for tida gjenstand for ei omfattanda evaluering. Om evalueringa syner at det er behov for endringar, vil eg sjølvsagt ta initiativ til dette.