Skriftlig spørsmål fra Syver Berge (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:20 (1996-97)
Innlevert: 07.11.1996
Sendt: 08.11.1996
Besvart: 15.11.1996 av finansminister Jens Stoltenberg

Syver Berge (Sp)

Spørsmål

Syver Berge (Sp): "Streng praktisering av dagens regelverk når det gjeld val av buplass/skattekommune for pendlarane vil tvangsflytta mange, og dermed svekkja skattegrunnlaget til distriktskommunane. Vil statsråden vurdere gjeldande retningslinjer og praktiseringa av desse?"

Begrunnelse

Praktiseringa av skatte og folkeregistrering av pendlare.
Eg er kjent med at det offentlege har aktivisert arbeidet med å få eit "konkret folkeregister". Ved kritisk gjennomgang av folkeregisteret kjem ein over pendlare der regelverket seier at hybelen på pendlarplasser er så god at utflytting må meldast.
I ei mindre fjellbygdskommune har eg fått opplyst at over 30 stk. vil bli vurdert om dei bør søkje utflytting.
Ei streng praktisering av regelverket fører med seg ei kunstig utflytting til ofte sentrale områder. Føresetnaden må vera at ein pendlar som har heim og familie i kommunen, må få skatte til den kommunen sjølv om ho eller han har funksjonell hybel/leilegheit på pendlarplassen.
Det må verta større fridom for pendlarane til sjølv å få velje skattekommune.

Jens Stoltenberg (A)

Svar

Jens Stoltenberg: Det er reist spørsmål om eg vil vurdere gjeldande retningsliner og praksis m.o.t. val av buplass/skattekommune for pendlarar.

Temaet gjeld i første rekkje ukependlarar som har opphald i arbeidskommunen mandag-fredag og opphald i annan kommune laurdag-søndag. Denne andre kommunen skal reknast som pendlaren sin bustadkommune (heimkommune) dersom han har sin verkelege heim der. Dersom pendlaren har etablert seg med eigen heim i arbeidskommunen, slik at ukependlinga meir har karakter av fritidsbesøk i den tidlegare heimen e.l, er det rett å sjå arbeidskommunen som bustadkommune.

Dei gjeldande reglane for ukependlarar er like når det gjeld skattemessig bustad og folkeregistrering, sjølv om kvart område har kvart sitt lovgrunnlag og kvar si forskrift med den nærare reguleringa. For ektefellar med felles heim, og for barneforsørgjarar med felles heim med barnet, blir denne heimen avgjerande for bustadregistreringa. For einslege ukependlarar gjeld at dei skal vere bustadregistrerte i foreldrekommunen dersom dei

- er under 22 år, eller

- er over 22 år, men berre har usjølvstendig bustad i arbeidskommunen.

Den gruppa som skal vere bustadregistrert i arbeidskommunen er soleis pendlarar over 22 år med eigen, sjølvstendig bustad der. Som sjølvstendig bustad reknast ikkje alminneleg hybel uten eige kjøkken. Husvere med eige kjøkken reknast som sjølvstendig når pendlaren eig husveret eller leiger det i minst 6 månader.

At ukependling til foreldreheimen pågår i tilfellene med sjølvstendig husvere i arbeidskommunen i voksen alder, vitner om fortsatt sterkt tilknytning til foreldra og barndomsheimen. Men ein har ikkje sett dette som god nok grunn til fortsatt bustadregistrering i foreldrekommunen. Avgjerande må vere at pendlaren har etablert seg med eigen, sjølvstendig bustad i arbeidskommunen. Utan ein slik regel ville einslege vaksne innflyttarar lett halde på registreringa i foreldrekommunen på ubestemt tid, bl a av di det kan gi frådragsrett for pendlerutgifter. Vidare ville ein få bevisproblem i høve til kor sannsynleg det er at ein vaksen, veletablert person i arbeidskommunen faktisk pendler ukentleg til foreldreheimen istadenfor å utnyttje fritidstilbodet i arbeidskommunen. Det er og ønskjeleg at reglane er mest mogleg objektive, utan sterkt skjønsprega samanlikningar av sosiale, miljømessige og til dels kjenslemessige kvalitetar på dei 2 buplassane.

Aktivitet frå likningskontor/folkeregister om etterlevnad av reglane må ein sjå i samanheng med at mange unge ikkje sjølv melder flytting frå foreldreheimen med ein gong de pliktar å gjere det etter reglane.

Eg finn det ikkje riktig å endra dette regelverket i retning av større valfridom for den einskilde skattytar. Det vil ikkje vera rimeleg i høve til dei kommunane der arbeidstakarane har arbeidet sitt og skaffar seg faste bustader der dei bur det meste av tida.

Eg kan ikkje sjå at det gjeldande regelverket har manglar som tilseier ein ny, generell gjennomgang no.