Skriftlig spørsmål fra Sigrun Eng (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:45 (1998-99)
Innlevert: 05.11.1998
Sendt: 06.11.1998
Besvart: 12.11.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Kan samferdselsdepartementet bidra med midlar for å halde togtilbodet Vøgne igang, frå 1. juni 1999 til 30. juni 2000 ?

Begrunnelse

I Hallingdal har vi eit regiontog kalla Vøgne, der fylkeskommunen og staten er med i eit spleiselag av drifta. Fylkeskommunen bruker idag 1,6 mill inkl. tilbringertenesten til dette «laget». Bergensbanen vil i år 2000 få krengetog og togavgangar får nye tider. Mellom 1. juni 1999 og innføringa av krengetog vil det bli ei periode utan morgontogtilbod. Fyrste tog vil vera i Oslo kl. 14.00. Fylkeskommunen har signalisert reduksjon av sitt tilskot ved budsjettforslag 1999. Tronge budsjettrammer og ulik praksis på andre regiontog er deira argument.

Så vidt eg er kjendt med er Vøgne det einaste regiontoget i landet der ein fylkeskommune bidrar økonomisk.

Trafikktalet er omlag 20 000 årleg, på eit tog så «mett av dage» at ein må vera idealist for å køyre det! Toget går måndag til fredag.

Håpet om nyare togmateriell, behovet for regionen å ha eit kollektivt tilbod der vi kan vera i Oslo/Drammen for t.d. møteverksemd om morgonen er til stades.

Faren for at bilen vil ta over om Vøgne blir borte er stor.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Lokaltoget ”Vøgne”, som gjekk i lokaltrafikk mellom Geilo og Drammen, blei nedlagt på slutten av 80-tallet. Som eit prøveprosjekt mellom Buskerud fylkeskommune og NSB blei lokaltoget ”Vøgne” på nytt starta opp 23.05.93 med støtte frå statens forsøksmidlar for rasjonell og miljøvennleg transport. Frå 01.08.95 blei lokaltoget ført vidare som eit ordinært tilbod, med årlege løyvingar frå Buskerud fylkeskommune til NSB utan økonomisk støtte frå staten. På slutten av 1996 ba fylkeskommunen om at ansvaret for ”Vøgne” på nytt blei overteke av staten og inkludert i statens kjøp av persontransporttenester frå NSB, då fylkeskommunen fant at nye kostnadstall frå NSB gjorde det vanskeleg å finansiere tilbodet åleine.
Etter møter mellom den dåværande politiske leiinga i Samferdselsdepartementet og fylkeskommunen, blei det i februar 1997 oppnådd semje om vidare drift av ”Vøgne”, kor Buskerud fylkeskommune og staten ved Samferdselsdepartementet/NSB tok på seg kvar sin del av kostnadene. Løyvingane om vidare drift innebar at ”Vøgne” skulle oppretthaldast fram til og med 1999, uten forpliktelsar for partane utover denne perioden. Det blei frå Samferdselsdepartementets side føresett at fylkeskommunen framleis skulle stå som hovedansvarleg for drifta.
Departementet finn på bakgrunn av forhistoria ikkje grunn til å ta over ansvaret for ”Vøgne” på nytt. Togtilbudet med ”Vøgne” blei gjenoppretta etter ei avtale mellom NSB og Buskerud fylkeskommune. Toget er eit lokaltilbod innom Buskerud fylkeskommune og har dermed karakter av ein lokal buss, noko som primært er ansvaret til fylkeskommunane. Det er og andre eksempel på at ein fylkeskommune kjøper persontransporttenester frå NSB utan statleg bidrag. Dette gjeld til dømes nattoget på Arendalsbanen som trafikkerer strekninga Arendal-Nelaug i Aust-Agder fylkeskommmune.
Departementet for sin del vil halde fast på den avtala som er inngått og som gjeld fram til utgangen av 1999.