Skriftlig spørsmål fra Syver Berge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:33 (1996-97)
Innlevert: 20.11.1996
Sendt: 21.11.1996
Besvart: 28.11.1996 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

Syver Berge (Sp)

Spørsmål

Syver Berge (Sp): "Vil samferdslestatsråden gjere dei naudsynte endringane i vegtrafikklova slik at det vert innført påbod om bruk av hjelm for hesteryttarar under riding? Dette for å førebyggje det store skadeomfanget, særleg blant unge ryttarar."

Begrunnelse

Det aukande omfanget av hestesport har ført til store skadetal som følgje av fall frå hest under riding. I følgje tal frå Statens Folkehelse døydde 6 unge kvinner i slike ulykker i åra 1990-93. Statistikk frå Norsk Institutt for Folkehelse syner at det i 1993 var 3200 rideulykker i samband med hest.
Statistikken syner vidare at omfanget av kategorien "alvorlege skader" opptrer hyppigare i hestesport enn i andre sportsgreiner. Statistikken frå Norsk Institutt for Folkehelse syner og at ryttarar er meir utsette for alvorlege hovudskader enn andre sportsutøvarar.
Både i 1988 og i 1993 har det vore fremma forslag om slikt påbod utan at det har gjeve resultat. Norsk Hestesenter og Norges Rytterforbund stør eit påbod om bruk av hjelm ved riding på hest.

Sissel Rønbeck (A)

Svar

Sissel Rønbeck: Samferdselsdepartementet har tidlegare vurdert spørsmålet om tryggleik for hest og ryttar i trafikken. Mellom anna er det vurdert innføring av påbod om bruk av hjelm under riding, eller om ein kan oppnå betring i trafikktryggleiken gjennom bruk av andre verkemiddel enn rettslege. Spørsmålet om handheving av verkemidla har Êg vore vurdert. Eit påbod om bruk av hjelm under riding med heimel i vegtrafikklova vil likevel berre få verknad ved riding på veg eller "område som har alminnelig trafikk med motorvogn", jf vegtrafikklova §1 fyrste og andre leden. Heimelen til utvida bruk av lova høver dårleg i denne samanheng. Eg meinar såleis at eit slikt eventuelt påbod må ha verknad generelt og at det i tilfelle må heimlast i anna lovgjeving.

Dei vurderingar som er gjennomført tyder at regelverket som gjeld i dag for ferdsel med hest i trafikken er tilfredsstillande.

Eg finn difor ikkje no grunn til å gjere framlegg om endring i vegtrafikklovgjevinga for å innføre eit påbod om bruk av ridehjelm ved riding på veg eller anna område som har alminneleg trafikk med motorvogn.

Spørsmålet om sikkerhetsbestemmelser for riding på veg blei i 1993 drøfta i nordisk samanheng, og eg vedlegg kopi av departementet sitt brev av 20.10.1993 til Norsk Rytterforbund om utfallet av desse drøftingane.

Vedlegg til svar:

Samferdselsdepartementet

Norsk Rytterforbund

Hauger skoleveg 1

1351 RUD

Henvendelse om sikkerhetsbestemmelser for ridning på veg

Vi viser til tidligere korrespondanse i saken, senest vårt brev av 29. juni 1993. Vi viser også til Deres brev av 17. juni 1993 til Nordisk Ministerråd.

Etter henstilling fra Nordisk Ministerråd ble spørsmålet om påbud for bruk av rytterhjelm behandlet av Styringsgruppen for Nordisk Trafikksikkerhet (SNT) på møte i København 24. september 1993.

SNT konstanterte som sin mening at spørsmålet om påbudt bruk av rytterhjelm ikke bare er et spørsmål om trafikksikkerhet. Etter SNT's oppfatning bør spørsmålet om obligatorisk anvendelse av rytterhjelm ivaretas av de nordiske rytterforbundene.

Samferdselsdepartementet er enig i SNT's vurdering av spørsmål om påbudt bruk av rytterhjelm.

Med hilsen

John Arild Jenssen (e. f.)

Eivind Tesaker