Skriftlig spørsmål fra Eva R. Finstad (H) til kommunal- og arbeidsministeren

Dokument nr. 15:56 (1996-97)
Innlevert: 10.12.1996
Sendt: 10.12.1996
Besvart: 17.12.1996 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Eva R. Finstad (H)

Spørsmål

Eva R. Finstad (H): "Har departementet sett på de kravene som stilles til frittstående ildsteder som selges på det norske markedet og de undersøkelser som er foretatt av SINTEF? Mener Statsråden dette er tilfredsstillende?"

Begrunnelse

Spørsmålet om sikkerhet ved piper er tatt opp både i Forbrukermagasinet REFLEKS, i Forbrukerrapporten og i tidsskriftene til Statens Bygningstekniske etat hvor det sies: Rapporter fra Feiervesenets kontroll viser at det kan være monteringsfeil på 50% av alle installasjoner."
Statsråd Gunnar Berge sa i 1994 som svar på et spørretimespørsmål, at antall boligbranner i Norge var beklagelig høyt, og at han tok sikte på å legge frem et lovforslag for Stortinget samme vår. Stortinget behandlet saken våren etter og endringene ble vedtatt ved Lov av 5. mai 1995 nr. 20.
Imidlertid ba Stortinget Regjeringen fremme et nytt lovforslag til utfylling av forskriftshjemler i loven. Det gjaldt Kommunal- og arbeidsdepartementets adgang til bl.a. å gi regler om pålegg til å utbedre eldre bygg opp til dagens gjeldende tekniske krav.
Kommunalministeren sa samtidig at Regjeringen arbeidet med forskrifter til de nye lovbestemmelsene og at regelverket skulle tre i kraft fra 1. januar 1997. Kommunalministeren sa videre: Kontrollen blir nå lagt til aktører selv for nettopp å styrke kontrollen gjennom hele planleggings- og byggeprosessen og ikke bare for det ferdige byggverk. Myndighetenes rolle blir å påse at kontrollen blir utført."
Jeg har nå forstått at det vil bli en ytterligere utsettelse av lovendringene og det tilhørende forskriftsverk slik at de ikke vil bli iverksatt før 1. juli 1997. Mener Statsråden dette er tilfredsstillende?
Jeg stilte i mars 1996 Kommunalministeren et spørsmål som også gjaldt produksjon av frittstående ildsteder fordi undersøkelser foretatt av SINTEF viser at det er direkte farlig hvis pipene ikke er bygget til å tåle den temperaturen som disse ildstedene kommer opp i. Videre er kravene som stilles til ildsteder som eksporteres langt høyere enn kravene som stilles til tilsvarende ildsteder på det norske markedet.

Kjell Opseth (A)

Svar

Kjell Opseth: I samband med revisjon av forskrifta om dei tekniske krava til byggverk, har ein også gått gjennom krava til varmeanlegg, mellom anna til eldstad og skorstein o.a. I samband med dette er mykje materiale vurdert, herunder forskningsrapportar, sakkunnige fråsegner og dei synspunkta ein har fått frå høyringsinstansane. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å endre på sjølve krava i forskriftene. Sverige, Danmark og Tyskland har, som Noreg, funksjonsretta krav om at varmebelastning frå eldstad og skorstein ikkje skal medføre fare for brann på bygningsdelane i nærleiken. Temperaturen på veggar, golv og tak nær eldstad/skorstein skal såleis ikkje vere for høge. Temperaturen på røykgassen frå eldstaden skal heller ikkje vere høgare enn det skorsteinen tåler. I rettleiinga til forskriftene er det sett som norm for eldstad, som skal settast opp utan brannmur, at minste fråstand frå vegg skal vere 60 cm. Tilsvarande norm er 40 cm i Tyskland, 50 cm i Danmark og Sverige. Eg synest dette tyder på at forståinga av krava ikkje kan vere så gale i Noreg. Ut over dette vil den nye rettleiinga til forskriftene gi eit betre grunnlag for å nytte regelverket på ein rett måte.

Det er eit problem at krava til byggesakshandsaming ved installasjon av eldstad alt for ofte ikkje blir følgd. Statens bygningstekniske etat (BE) har bede produsentane om å få kravet til byggesakshandsaming betre fram i sine salsbrosjyrar, i tillegg til å få forhandlarane til å opplyse kjøparane om dette. BE har Êg teke dette opp med kommunane. Her må også borgarane sjølve ta ansvar. Departementet vil leggje vekt på dette når ein skal informere om dei nye reglane i plan- og bygningslova med nye forskrifter. Dei nye krava til aktørane i byggesak om ansvar og kontroll mv, som vil gjelde frå 1. juli 1997, vil også kunne vere med på å få til eit betre resultat i denne samanhengen.

Reglane i Byggeforskrift 1987 for godkjenning av produkter til bygg blei endra 12. april i år. Produsenten må syte for at det følgjer med dokumentasjon som viser at eldstaden held dei krava som gjeld, på grunnlag av prøving etter fastsette normer hos ein uavhengig prøvingsinstitusjon. Det er no klårare enn før at til dømes eldstad skal vurderast i høve til den staden den skal installerast, slik at fråstand til vegg o.a. blir rett etter tilhøva på staden. Som tidlegare skal det vere samsvar mellom den røykgasstemperaturen ein eldstad avgir og den temperaturen skorsteinen som skal nyttast tåler. Igjen er det viktig at kommunen får saka til handsaming, for å kunne vurdere saka og for å kunne godkjenne den installatøren som skal vere ansvarleg overfor bygningsstyresmaktene for at krava blir følgd. I tillegg må kommunen få anlegget registrert, slik at feiaren seinare kan følgje opp bruken med kontroll. I tillegg til den vurdering som skal gjerast av dei lokale bygningsstyresmakter i det einskilde tilfelle, skal BE som sentral bygningsstyresmakt føre tilsyn med at systemet for dokumentasjon fungerer etter føresetnadene. Med endringane ovanfor i forskriftene og dei tiltak som elles blir gjort, kan eg ikkje sjå at det har vesentleg innverknad at ikraftsetting av lovendringane blei utsett til 1. juli 1997.

Tilsyn med eldre eldstader skal feiaren gjere. Branntryggleikslovgjevinga gjev heimel for brannstyresmaktene til å gje dei pålegg som er naudsynte for at anlegga skal haldast i slik stand at bruken blir trygg. Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (DBE) følgjer opp denne sida overfor kommunane.

Etter det eg har fått opplyst frå BE ligg det ikkje føre undersøkingar frå SINTEF som viser at det er nokon fare som følgje av høge temperaturar frå eldstader ved å bruke godkjente elementpiper. Norges branntekniske laboratorium (NBL) har gjort mange prosjekt og har lang røynsle med prøving og feltundersøkingar. Dette gjev grunnlag for at dei kan seie at sprekkdanning i elementskorsteinar ikkje gjev risiko for brann dersom det ikkje er feil ved monteringa eller at pipeløpet er påført skade.

Eit prosjekt ved NBL vurderer norske prøvingsreglar for eldstader mot tilsvarande reglar i andre land. BE har teke initiativ overfor NBL for å undersøke korleis fyring går for seg i praksis. Begge desse prosjekta vil vere med på å gi grunnlag for ei vurdering av prøvingsreglane for eldstader, slik at dei kan haldast på eit forsvarleg nivå.

På bakgrunn av dette kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for å endre reglane for eldstader. Rettleiinga til forskriftene vil bli bedra, og fagetatane vil, saman med departementet og Brannvernforeningen ofl., gjere det ein kan for at dei lokale styresmakter og publikum følgjer opp reglane betre enn i dag.