Skriftlig spørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:66 (1996-97)
Innlevert: 17.12.1996
Sendt: 18.12.1996
Besvart: 02.01.1997 av justisminister Anne Holt

Bjørg Hope Galtung (Sp)

Spørsmål

Bjørg Hope Galtung (Sp): "I følgje Bergens Tidende er Noreg tilslutta eit avtalememorandum mellom EU-landa, USA og Noreg frå 23.-24. november 1995 om standardar m.v. for telefonavlytting i framtida. Eg bed justisministeren senda over dokumentet med kommentar om Noregs rolle i dette samarbeidet, statusen til avtalememorandumet, i kva grad Noreg er forplikta rettsleg eller økonomisk og om avtalen tyder at norske borgarar kan verta avlytta av andre lands etterretningstenester."

Begrunnelse

Anne Holt (A)

Svar

Anne Holt: Det omtalte memorandum om lovleg avlytting av telekommunikasjon, vart underteikna av den norske representanten i Brussel 23. november 1995, etter at Noreg saman med nokre andre land utanfor EU var inviterte til å underteikne. Memorandumet i norsk omsetjing følgjer vedlagt.
Memorandumet inneheld tilrådingar om å leggje til grunn dei same krava ved utvikling av telekommunikasjonssystem, slik at desse såvidt mogleg framleis skal vere avlyttbare, der krava i lova for å kunne avlytte er til stades. Dette har samanhang med den tekniske utviklinga, som mellom anna har ført til at vilkåra i dag er dårlegare for at politiet kan gjennomføre den lovlege telefonavlyttinga, bl.a. i samband med oppklaring av alvorlege narkotikasaker. Kravspesifikasjonane rettar seg bl.a. mot produsentar og leverandørar av teletenester.
Memorandumet inneheld ingen rettslege eller økonomiske plikter for Noreg. Memorandumet gir heller ingen andre lands styresmakter rett til avlytting av norske borgarar.