Skriftlig spørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:70 (1996-97)
Innlevert: 24.01.1997
Sendt: 24.01.1997
Besvart: 31.01.1997 av landbruksminister Dag Terje Andersen

Syver Berge (Sp)

Spørsmål

Syver Berge (Sp): "Kan landbruksstatsråden gjera greie for kva som ligg til grunn for at naturgjødsel føresegnene er oppe til revisjon?
Det har kome mange reaksjonar ute frå distrikta når det gjeld endringa av gjødsel føresegnene. Eg ynskjer derfor å få den faglege bakgrunn for at departementet tek føresegnene til revisjon. Eg går ut i frå at endringane av føresegnene er grunna ut frå miljø faglege synspunkt og ikkje ein måte å dempe kraftfor baserte produksjonar på i enkelte distrikt."

Begrunnelse

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Viser til spørsmål nr 70, stilt av Stortingsrepresentant Syver Berge.
Gjeldande Forskrift om husdyrgjødsel er fastsett av Miljøverndepartementet 1. mars 1989. I medhald av Forskrift om husdyrgjødsel har Landbruksdepartementet same dato fastsett "rettleiing om lagring og spreiing av husdyrgjødsel". Nokre endringar og tilføyingar i rettleiingane blei gitt 11. oktober 1991.
Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet er samde om at det er eit behov for å endre Forskrift om husdyrgjødsel med rettleiing på nokre punkt. Den faglege grunngjevinga for endringane er knytt til miljøet og då først og fremst faren for ureining.
Når det gjeld ureining frå husdyrproduksjonar, er det særleg fosfor ein tek omsyn til. Dette skuldast at fosfor er minimumsfaktoren for algeoppblomstring i innsjøar. Fosforutslepp til resipient i område med stor husdyrtettleik har betra seg sia forskrifta blei innført i 1989. Innhaldet av fosfor er framleis ein god del høgare enn det som er forsvarleg.
Dei viktigaste forslaga til endringar er knytte til spreietidspunkt, krav til nedmolding og endringar i nokre gjødseldyreiningar. Nedanfor vil det bli gjort greie for endringane.
Spreietidspunkt og krav til nedmolding. Gjødsel må nyttast på ein slik måte at næringsstoffa kan bli tekne opp i plantane i vekstsesongen. Dette gir best utnytting av gjødsla og minst ureining. Nedmolding ved harving eller pløying og direkte nedfelling reduserer gjødselavrenning på overflata, tap av ammoniakk til luft og luktulempene. Det er krav om nedmolding på open åker.
Gjødseldyreining. Mengd gjødsel må vere tilpassa planta sitt behov for næring. For mykje tilført gjødsel i høve til planta sitt behov, vil ha mykje å seie for mengden av næringstap med sigevatn og tilførslene til grunnvatn og vassdrag. Utgangspunktet for kravet til spreieareal er at tilførsla av næringsemne, særleg fosfor og nitrogen, ikkje skal vere større enn planta sitt gjødselbehov. Gjødselbehovet vil variere svært mykje med ulike vekstar og avlingsnivå. Ulik fÝring og innhald av næringsemne i fÝret, vil føre til ulik utskilling av næringsemne for dei same dyreslaga. Ein har derfor komme fram til at eit regelverk som skal gjelde for heile landet, bør vere eit minimumsregelverk.
Når ein skal fastsetje gjødseldyreiningane, har ein valt å ta utgangspunkt i innhaldet av fosfor i husdyrgjødsla, jfr. det ovanemnde. Utgangspunktet er derfor at tilførsla av fosfor pr gjødseldyreining ikkje bør vere større enn det som er plantane sitt næringsbehov.
Behovet for fosforgjødsel til korn varierer frå 1,5 - 3,0 kg pr dekar. Til grasareal er behovet frå 2 - maksimum 4 kg pr dekar. I eit normalhøve reknar ein 3,5 kg fosfor som tilstrekkeleg. Med utgangspunkt i dette gjer Landbruksdepartementet framlegg om å tilpassa gjødseldyreiningane til ein tilførsel som tilsvarar 3,5 kg fosfor pr dekar. I forskrifta er det bestemt at kravet til 4 dekar spreieareal for kvar gjødseldyreining er eit minimumskrav.
Utgangspunktet for utrekninga av gjødseldyreiningar blir derfor kravet om maksimum 14 kg fosfor pr gjødseldyreining. Det er utført analysar ved Noregs Landbrukshøgskule av næringsinnhald i gjødsel og mengde produsert gjødsel for dei ulike dyreslaga. Miljøfaglege vurderingar av desse analysane tilseier at det er naudsynt å endra utrekninga av gjødseldyreiningar. Dette gjeld fyrst og fremst for dei kraftfÝrkrevjande produksjonane då det er dei som etter dei nogjeldande reglane gir for stor mengd fosfor for kvar gjødseldyreining.
Framlegget gir i visse høve ei mogelegheit for at kravet til spreieareal kan reduserast. Dersom ein brukar kan dokumentere i eit næringsbalansereknskap at det er behov for å tilføre meir næringsemne, enn det rettleiinga legg opp til, kan det setjast lågare krav til spreieareal på einskildbruk.
Framlegget er sendt på høyring og departementet vil vurdere saka, m.a. ut frå høyringsfråsegnene.