Skriftlig spørsmål fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:73 (1996-97)
Innlevert: 29.01.1997
Sendt: 29.01.1997
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 04.02.1997 av samferdselsminister Sissel Rønbeck

Bjørg Hope Galtung (Sp)

Spørsmål

Bjørg Hope Galtung (Sp): "24. februar 1995 leverte underteikna inn Dok 8:44 om innføring av promillegrense 0.00. Saka vart handsama i Stortinget 1/6-95. Stortinget vedtok då å oversende saka til Regjeringa til utredning og uttalelse. Dette vart gjort med bakgrunn i at Sverige skulle evaluere innføringa av 0.2 promille i 1990. Resultatet av denne kan klart ha innverknad på ei eventuell nedsetting av promillegrensa her i landet. Evalueringa frå Sverige ligg no føre.
Underteikna ynskjer sterkt at denne saka raskt på nytt vert handsama i Stortinget. Når kan dette skje?"

Begrunnelse

Sissel Rønbeck (A)

Svar

Sissel Rønbeck: Evalueringa av erfaringane med ei senka promillegrense i Sverige blei offentleggjort i januar 1997. Rapporten er no til vurdering i Samferdselsdepartementet. Spørsmålet om eventuell senking av promillegrensa, vil bli nærare omtala i Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998-2007, som vert lagt fram for Stortinget våren 1997.