Skriftlig spørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:88 (1996-97)
Innlevert: 26.02.1997
Sendt: 26.02.1997
Besvart: 05.03.1997 av landbruksminister Dag Terje Andersen

Syver Berge (Sp)

Spørsmål

Syver Berge (Sp): "Vil den nye marknadsordninga for mjølk forsterke nedlegging av meieribedrifter ute i distrikta?"

Begrunnelse

I mitt innlegg da Ot prp nr 5 (Den nye marknadsordninga for mjølk) var oppe til debatt i Odelstinget uttala eg følgjande:
"Det er også verdfullt om ein får til eit lovverk som ikkje motarbeider at foredlinga av mjølk skjer ute i distrikta, slik at verdiskapninga vil skje i nærleiken av der ein har primærproduksjonen."
Ut fra det eg registrerer, og den usikkerheit mjølkebøndene føler, særleg i Østlandsområdet, er no fleire meierianlegg i faresona for å verte nedlagde. Mjølk vert frakta over store avstander.
Da eg har fått fleire spørsmål om den nye markedsordninga vil føra til at fleire meierianlegg vert nedlagde ynskjer eg Statsrådens vurdering av situasjonen. Særleg ut fra den meierioppbyggjinga som Synnøve Finden står ansvarleg for i Nord-Østerdalen. Her er det planar om oppbyggjing av eit meierianlegg som treng årleg 90-100 millionar liter mjølk i eit område der produksjonen er under 50 millionar liter.

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Under handsaming av jordbruksoppgjeret i fjor gjorde Stortinget vedtak om at den nye marknadsordninga for mjølk skal utformast i samsvar med forslag i St.prp. nr. 72 (1995-96), Jordbruksoppgjeret 1996. Ordninga blir sett i verk 01.07.97.
I den noverande marknadsordninga blir fraktkostnadane utjamna over Riksoppgjeret. Det gjeld både inntransport av mjølk frå produsentane til meieri, mellomtransport mellom meieri og uttransport (distribusjon) frå meieri til kundane. Dette gjer at auka fraktkostnader ved nedlegging av anlegg (sentralisering) ikkje slår direkte ut for det einskilde meieri. Det er derfor laga ulike ordningar innafor Riksoppgjeret for å sikre at vurderingar med omsyn til nedlegging av meierianlegg blir gjort ut frå dei reelle økonomiske forholda.
I den nye marknadsordninga er fraktordningane lagt om. Tilskott til inntransport og distribusjon blir gjeve som såkalla stedsfrakttilskott. Det vil seie tilskottssatsar som er fastsett for kvar kommune, og som er uavhengig av kva meierianlegg mjølka blir levert til eller frå.
I den nye ordninga vil det ordinært ikkje bli gitt transportstøtte til mellomtransport mellom meieri. Unntaket er når marknadsregulator må transportere konsummjølk frå overskottsområde til underskottsområde og kostnadane med dette blir ekstraordinært store. Ved andre former for mellomtransport, vil marknadsaktørane sjøl måtte dekkje kostnadane med mellomtransport. Denne endringa som her er innført i den nye marknadsordninga vil isolert sett gjera det meir lønsamt med vidareforedling i dei anlegga som mottek mjølka. Den nye marknadsordninga vil etter mi meining sikre at det er dei reelle økonomiske forholda som slår ut overfor dei som tek avgjerd om nedlegging og/eller etablering av meierianlegg.
Det er i utgangspunktet ut over dette ikkje lagt inn spesielle tiltak i ordninga for å regulere etablering og nedlegging av meieri. Landbruksdepartementet vil følgje utviklinga nøye. Dersom det viser seg at det oppstår urasjonelle og unødig kostnadskrevjande lokalisering av meierianlegg vil tiltak bli vurdert.