Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:153 (1998-99)
Innlevert: 05.02.1999
Sendt: 05.02.1999
Besvart: 11.02.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Statens Lånekasse har varsla ny renteauke på studielån frå 1. april. Dette skjer i ein situasjon der utviklinga elles går i retning av lågare rentesatsar.
Vil statsråden ta initiativ for å hindre den planlagde renteauken i april, og elles for å unngå renteauke på studielån til ordninga der låntakarane kan velje mellom fast og flytande rente er på plass?

Begrunnelse

Då Stortinget vedtok å innføre markedsrente for studielån, var det samtidig ein heilt klar føresetnad at kundane i Lånekassa skulle kunne få velje mellom fastrente og flytande rente. Denne føresetnaden er ikkje oppfylt, men ordninga ser ut til å kunne bli gjennomført frå 2. halvår. I mellomtida er alle låntakarane utsette for uvisse knytt til utviklinga i rentemarkedet. Det er allereide gjennomført ein renteauke frå 1. januar, og det er varsla ein ny auke frå 1. april.

Denne auken verkar urimeleg i ein situasjon der rentenivået viser ein fallande tendens. Ein føresetnad for omlegginga av rentepolitikken i Lånekassa var flytande rente på line med bankane. Difor verkar det urimeleg å gjennomføre ein renteauke medan andre bankar varslar lågare renter. Det er difor mykje som talar for at Lånekassa no avstår frå vidare renteauke til Stortinget sin føresetnad om valfridom mellom fast og flytande rente er på plass.

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: I St prp nr 1 (1997-98) gjorde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet greie for korleis den flytande renta i Statens lånekasse for utdanning ville bli fastsett frå 1. januar 1998. Det heiter her: "Renten vil i det nye systemet beregnes på bakgrunn av renten på 0-3 måneders statssertifikater tillagt en margin på 1 prosentpoeng til dekning av bl a administrasjonskostnader og tap. Den flytende renten reguleres hvert kvartal."

Stortinget hadde ingen merknader til departementet sitt framlegg i budsjettproposisjonen, og sidan 1. januar 1998 har renta vore regulert i tråd med desse prinsippa. Dei same reguleringsprinsippa er tekne inn i Ot prp nr 49 (1997-98) om endring i lov om utdanningsstøtte til elever og studenter. I denne proposisjonen skriv departementet :"Det legges nå til grunn at det skal fastsettes en flytende rente for 3 måneder ad gangen, etter de reguleringsprinsipper Stortinget har lagt til grunn for budsjettvedtaket for 1998, og som ble anvendt ved fastsettelsen av renten for 1. og 2. kvartal 1998. Dersom regulerings-prinsippene skal endres i forhold til dette, må dette forelegges Stortinget som budsjettsak eller som vanlig sak på annen måte."

På bakgrunn av at Stortinget har handsama rentefastsetjinga først i desember 1997 og seinare i april 1998, er det etter mi meining ikkje aktuelt å gjere framlegg om nye prinsipp for fastsetjing av den flytande renta berre eit snautt år etter at Stortinget sist hadde saka til handsaming.

Lånekassen arbeider no med omlegginga av sine datasystem for å gjere det mogleg for kundane å velje mellom fast og flytande rente frå 1. juli 1999. Eg vil om kort tid leggje fram ei stortingsmelding om innhaldet i ei fastrenteordning.