Skriftlig spørsmål fra Marit Tingelstad (Sp) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:159 (1998-99)
Innlevert: 12.02.1999
Sendt: 15.02.1999
Besvart: 19.02.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Marit Tingelstad (Sp)

Spørsmål

Marit Tingelstad (Sp): Høgskolen i Oslo og kommunen har gått sammen om å ansette egne praksis-lektorer for sykepleieutdannelsen. Dette skyldes at det fra flere hold har vært reist kritikk mot for lite og dårlig praksisundervisning ved sykepleierutdannelsen her i landet.
Har statsråden gjort seg noen tanker om hvordan praksisdelen i sykepleierutdannelsen kan styrkes?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Den forrige Regjeringa satte ned eit utval som skulle sjå nærare på innhaldet i sjukepleiarutdanninga og kva som kunne gjerast for å styrkje praksisundervis-ninga. Rapporten frå utvalet vil liggje føre om kort tid. Først etter at ulike instansar har fått høve til å komme med merknader til rapporten, vil eg ta stilling til kva som bør og kan gjerast for å bøte på manglane ved praksisstudia i sjukepleiarutdanninga i dag.

Nokre førebelse tankar har eg likevel. Praksis utgjer halvparten av den 3-årige grunnutdanninga. Kvaliteten på praksisstudia har difor mykje å seie for kor gode sjukepleiarer vi utdannar. Høgskolane er avhengige av eit godt samarbeid med praksisstadene, og det er ein føresetnad at tilsette på praksisstaden har tid og kompetanse til å ta del i den daglege rettleiinga av studentane. Praksisundervisninga på praksisstadene er under press både ved at studenttalet i mange helse- og sosialfagutdanningar aukar sterkt, samstundes som krav til kvalitet på praksisrettleiinga og generell effektivitet på praksisstaden òg aukar.

Ved dei somatiske sjukehusa blir ordninga med innsatsstyrt finansiering som blei innført i 1997, bygd vidare ut. Den aktivitetsbaserte refusjonsandelen er auka frå 30 % i 1997 til 50 % i 1999. Det er viktig å følgje med kva denne ordninga får å seie for sjukehusas rettleiing av studentar.

Nokre høgskolar har praktisert ei ordning med frikjøp av sjukepleiarar på praksisstaden, for at dei kan ha rettleiing av studentar som hovudoppgåve i praksisperiodane. Dette har fungert godt mange stader og har gjort det mogeleg å ta i mot fleire studentar utan at det går ut over kvaliteten på praksisundervisninga.

Eg er glad for at utdanningsverksemd på ulikt vis er prioritert i framlegga til nye helselover. Plikta for praksisstaden til å rettleie studentar er her gjort tydelegare, og det er gitt heimel for å utarbeide føresegner om den plikta helseinstitusjonar har i denne samanhengen. Slik blir det mogeleg å stille også kvalitative krav til praksisopplæringa av sjukepleiarar dersom det er naudsynt.

Det er viktig å understreke at den 3-årige sjukepleiarutdanninga ikkje kan gje dei nyutdanna fullt tilfredsstillande handlingskompetanse på alle område. Det er naudsynt at arbeidsgjevar tek på alvor oppgåver knytta til opplæring av dei nytilsatte. Betre ivaretaking av nyutdanna sjukepleiarar i møtet med arbeidsstaden bør vere eit viktig verkemiddel for å styrkje kvaliteten på helsetenesta.