Skriftlig spørsmål fra Erling Folkvord (RV) til justisministeren

Dokument nr. 15:119 (1996-97)
Innlevert: 25.04.1997
Sendt: 28.04.1997
Besvart: 02.05.1997 av justisminister Gerd-Liv Valla

Erling Folkvord (RV)

Spørsmål

Erling Folkvord (RV): "Rådgivningsgruppa i Trondheim har lagt fram opplysningar som tyder på alvorleg svikt ved det verifiseringsarbeidet som den norske ambassaden i Nairobi utfører. Vil statsråden på bakgrunn av det materialet ho har fått oversend frå Rådgivingsgruppa, bl.a. i brev av 24.4. og 25.4., sørge for at tilbakesending til Kenya blir stansa inntil det er avklara om det er grunnlag for den særs alvorlege kritikken som er reist mot den norske utlendingsattacheen sitt verifiseringsarbeid?"

Begrunnelse

Gerd-Liv Valla (A)

Svar

Gerd-Liv Valla: Ordninga med ein utlendingsattachè stasjonert ved ambassaden i Nairobi har gjort at det oftare er mogeleg å slå fast kven som har rett til asyl her i landet.

Ambassaden har utvikla god kontakt med menneskerettsorganisasjonar, FN's høgkommissariat for flyktningar, advokatar og kjennarar av det politiske liv i Kenya, ikkje minst gjennom arbeidet sitt med Wamwere-saka. Desse kontaktane er også nyttige for utlendingsattachèen i hans arbeid.

Breva det blir referert til frå Rådgivningsgruppa omhandlar ei enkeltsak som er til handsaming i departementet. Opplysningane i breva er nye for departementet og vil bli undersøkt nærare så snart vi får meir konkret informasjon om saka. Ut frå dei opplysningane som ligg føre, kan eg ikkje sjå at det i mellomtida er grunnlag for stanse tilbakesendingar til Kenya i saker der departementet ikkje har funne grunnlag for å innvilge asyl eller opphaldsløyve her i landet.