Sigvald Oppebøen Hansen (A): Vil ein samordning av likningskontora i fleire kommunar krevje lovendring på lik line med eventuelle samanslåingar av likningskontor, og er vedtaket ved Telemark fylkesskattekontor når det gjeld samlokalisering av likningskontora i Nome, Bø og Sauherad i tråd med dagens regelverk?
Begrunnelse
I samband med at Stortinget i 1997 drøfta organisasjonsstruktur for likningskontora, har Finansdepartementet bedt Skattedirektoratet om å vurdere den framtidige organiseringa av likningsforvaltninga. Denne vurderinga skal oversendast Finansdepartementet innan 1. april i år.
I svarbrev av 05.02.99 til spørsmål nr. 136 svarer statsråden at Stortinget vil bli forlagt eventuelle budsjettmessige eller lovmessige konsekvensar og at eventuelle samanslåingar av fleire likningskontor til eitt kontor vil krevje lovendring. Telemark fylkesskattekontor har i brev den 16. februar 1999 gjort vedtak om å samlokalisere likningskontora i Midt-Telemark med lokalisering til Bø kommune. Etter det eg forstår har det ikkje vore høyringar i dei gjeldande kommunane før beslutninga.