Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:192 (1998-99)
Innlevert: 05.03.1999
Sendt: 05.03.1999
Besvart: 12.03.1999 av miljøvernminister Guro Fjellanger

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Ein utbyggjar i Time Kommune i Rogaland har vorte pålagd utgravingar til ein kostnad av 12 - 15 millionar kroner før han kan byggja ut 120 tomter på området Kvåle. Området har vore regulert til bustadføremål frå 1969, og omfanget av utgravingane har ikkje vorte klårlagt før i 1998. Riksantikvaren har avvist anke både på reelt og formelt grunnlag.
Meiner statsråden at saka er handsama etter regelverket, og at Riksantikvaren har teke rimeleg omsyn til alle relevante forhold ved handsaming av anken?

Vedlegg til spørsmål:

Kåre Skretting sin anke til Riksantivaren i Oslo, datert 7. mai 1998, om reguleringsplan for Kvåle, Plan 165, Time kommune. Anke av arkeologisk museums AmS, betingelser for frigiving gitt i brev av 06.04.98.

K.M. Skretting AS
Holbergsgt. 16
Postboks 570
4301 Sandnes

Guro Fjellanger (V)

Svar

Guro Fjellanger: Eg viser til at den klagesaka representanten Oddbjørg Ausdal Starrfelt tek opp vart avgjord av Riksantikvaren ved vedtak av 23.02.99.

Kulturminne frå før 1537 er i kraft av alder og informasjonsverdi dei mest verdifulle og ofte einaste kjelda til vårt lands tidlegaste historie. Desse kulturminna ber i seg store vitskaplege og miljømessige verdiar som i stor grad er knytt til det kulturmiljøet dei ligg. Lovgjevar har derfor bestemt at desse kulturminna er automatisk freda etter kulturminnelova. Det er derfor ei sentral målsetting i kulturminnepolitikken å ta vare på flest mogeleg av desse kulturminna intakt i deira opphavlege kontekst.

Dersom private eller offentlege utbyggarar ønskjer å sette i verk utbygging som kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne må utbyggar søke vernestyresmakta om løyve til å fjerna slike kulturminne. I dei tilfelle vernestyresmakta finn å kunne gje slik løyve, vert det normalt stilt krav om arkeologiske undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet. Gjennomføringa av dei arkeologiske utgravingane i slike saker er først og fremst ein konsekvens av utbygger sitt ønske om utbygging, og skjer ikkje på grunnlag av vernestyresmakta si eigne behov og prioriteringar. Etter kulturminnelova er hovudregelen at utbyggar skal koste utgiftene knytt til nødvendige arkeologiske utgravingar. Regelen er i samsvar med eit generelt prinsipp i miljøforvaltninga om den som forbrukar eit miljøgode må betale for det.

Praktiseringa av kulturminnelova sine føresegner om dekning av utgifter ved gjennomføring av arkeologiske undersøkingar og utgravingar vart drøfta i St meld nr 39 (1986-87) om bygnings- og fornminnevernet som Stortinget handsama og slutta seg til våren 1988. Meldinga slår fast at det ikkje er ønskeleg å endra prinsippet om kostnadsdekning, verken ut i frå vernefaglege synspunkt eller rettferdsomsyn.

Riksantikvaren sitt vedtak drøfter både tilhøvet til sakshandsaminga etter kulturminnelova og tilhøvet til plan- og bygningslova, heimelsgrunnlaget for dispensasjon etter kulturminnelova § 8 og omfanget og storleiken på dei arkeologiske gravekostnadene. Så langt eg har hatt høve til å vurdere saka er den etter mitt syn handsama i samsvar med gjeldande regelverk.

Med omsyn til dei konkrete skjønnsmessige vurderingane i vedtaket viser eg til at Riksantikvaren sitt vedtak er endeleg og derfor ikkje kan påklagast. I ein slik situasjon der departementet ikkje har saka til formell handsaming vil eg ikkje kommentere dette nærare.

I denne saka søkte klager og om statleg tilskott til dekning av kostnader ved arkeologiske utgravingar etter kulturminnelova § 10, dersom vedtaket vert opprettheldt. Dette vil Riksantikvaren komme tilbake til i form av eit eige vedtak. Dette vedtaket kan påklagast til departementet. Eg finn det derfor ikkje riktig å kommentere dei konkrete problemstillingane som er knytt til den saka.

Departementet har motteke ein del skriv og spørsmål om utgifter knytt til arkeologiske utgravinger. Eg kan forstå at store kostnader kan opplevast som konfliktfylt i høve til ønskje om ein smidig og kostnadseffektiv gjennomføring av tiltaket. Det vil derfor vere naturleg at det offentlege kulturminneutvalet som er under etablering ser nærare på omfanget av kostnadene ved dei arkeologiske utgravingane og om ein bør vurdere ei noe anna fordeling av kostnadene mellom utbyggar og staten.

Med omsyn til organiseringa av den arkeologiske utgravingsverksemda viser eg til at departementet arbeider med å endra forskriftene til kulturminnelova om fagleg ansvarsdeling og gjennomføring av arkeologiske utgravingar. I dette arbeidet legg ein vekt på å etablere eit klart skilde mellom utøving av forvaltningsmynde og gjennomføring av arkeologiske utgravingar (skilde forsking og forvaltning), sikre kapasitet, fleksibilitet og kvalitet ved gjennomføring av arkeologiske utgravingar og sikre kompetansen hos dei etablerte instansar som utfører utgravingar. Ein tek sikte på å få gjennomført denne endringa i løpet av våren.