Skriftlig spørsmål fra Mai Gythfeldt (RV) til kommunal- og arbeidsministeren

Dokument nr. 15:122 (1996-97)
Innlevert: 06.05.1997
Sendt: 07.05.1997
Besvart: 15.05.1997 av kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth

Mai Gythfeldt (RV)

Spørsmål

Mai Gythfeldt (RV): "Når får kommunene i Nord-Norge dekket merutgiftene på grunn av værsituasjonen? Blir ekstrabevilgningen "friske" penger, dvs. reelle ekstrabevilgninger, eller omdisponering av allerede bevilgede skjønnsmidler, jfr. sitat over?"

Begrunnelse

Etter en historisk nedbørsrik vinter har store deler av Nord-Norge snødd ned. Flere områder har måttet evakuere pga rasfare. Belastningen på kommunenes veinett, snøryddingsutstyr og mannskap har vært ekstreme og ført til enorme overskridelser på kommunebudsjettene. De fikk gjort grundig kjennskap med situasjonen da De besøkte Tromsø i januar og De lovet da at de berørte kommunene skal få ekstraordinære bevilgninger. Imidlertid gir Deres svar til representanten Rolf Kjetil Bjørn forleden grunn til uro på vegne av de nordnorske kommunene. De sa: "Eg finn det rimeleg at staten går inn og kompenserar for delar av dei ekstraordinære utgiftene kommunane har hatt. Dette må skje etter at vi gjennom fylkesmannsembeta får oversyn over kva dette har kosta, og på bakgrunn av ei vurdering av kor stor del av utgiftene kan seiast å vere ekstraordinære. Departementet har ikkje spesielle løyvingar til dekning av slike kostnader. Før juli ifjor løyvde Stortinget 324 mill. kr. i ekstra skjønnsmidlar til kommunane for 1997. Eg meiner det er tilrådeleg og i samsvar med intensjonane å nytte delar av denne løyvinga til å avhjelpe den situasjonen ein del kommunar har kome i som følgje av dei ekstraordinære vertilhøva i Nord-Noreg."
Slik RV forstår statsråden, skal han først innhente tall fra fylkesmennene, deretter vurdere hva som er ekstraordinært, og så gi de berørte kommunene deler av allerede bevilgede skjønnsmidler. Dette holder ikke for folk som snør ned og kommunebudsjetter som sprekker.
Kommunene i Nord-Norge har ikke råd til å vente. De trenger hjelp nå, både for å opprettholde de nødvendigste samfunnsfunksjonene og for å forebygge sannsynlige skader når vårvær og snøtining setter inn.

Kjell Opseth (A)

Svar

Kjell Opseth: Som du viser til i brevet ditt har det vore uvanlege vertilhøve med uvanlege snømengder i delar av Nord-Noreg denne vinteren. Stundom har uveret ført til rasfare og ras slik at ein har måtta evakuere folk.

Fylkesmennene i dei tre nordlegaste fylka førebur derfor no innhenting av data som kan nyttast som grunnlag for tildeling av kompensasjon til dei kommunane som har hatt kostnader som kan seiast å vere ekstraordinære. Departementet har sendt brev til fylkesmennene om dette. Datagrunnlaget kan vere klårt ca. 15. juni, slik at tildelinga av midlar kan skje før sommeren.

Stortinget løyvde før jul 324 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar for 1997. Av denne løyvinga er det 30,5 millionar kroner som ikkje er disponerte til no. Eg reknar med at dette beløpet er tilstrekkeleg til å dekkje behovet for tilskot. Det er ellers ikkje noko som heiter "friske pengar". Evt. påplussingar er enten a) å ta frå andre formål, eller b) å ta frå framtidige formål.

Eg meiner tilgangen på likviditet er tilstrekkeleg god i dei fleste kommunane som er mest berørte slik at dei evt. både kan vedta tilleggsløyvingar og dekkje utbetalingane inntil dei mottek tilskot frå staten. Kommunar med dårleg lividitet må kunne ta opp eit likviditetslån til dei mottek tilskot. Ingen kommunar har til no søkt om forskot på tilskot