Skriftlig spørsmål fra Eva R. Finstad (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:161 (1996-97)
Innlevert: 18.09.1997
Sendt: 19.09.1997
Besvart: 08.10.1997 av olje- og energiminister Ranveig Frøiland

Eva R. Finstad (H)

Spørsmål

Eva R. Finstad (H): «Viser ti svar av 22.5.1997 til Energi- og miljøkomiteen i forbindelse med St.meld. nr. 42 Tiltak mot flom.
Det vises der til at forutsetningen for utbyggingen av Funnefoss Kraftverk i 1973 var at kraftverket og luker blir manøvrert slik at «det til enhver tid holdes samme relasjon vannstand/vannføring ovenfor dammen som tidligere.»
Vannføringsdata fra Funnefoss Kraftverk under flommen i 1995 viser imidlertid at vannstand/vannføringsrelasjoner ovenfor dammen ble påvirket. Hva skyldes dette?
Er dammens avledningskapasitet for liten? Er konsesjonsforutsetningene feil?»

Begrunnelse

Bakgrunnen for disse spørsmål er at det under 1995 flommen ble konstatert at vannstanden ved dammen nådde opp i k. 132.76 ved 3.000 m3/s vannføring. NVE har imidlertid pålagt AEV å følge en kurve 5 som tilsier at vannstand k. 132.75 ikke skal nås før ved 3.800 m3/s. (dimensjonerende flom) ved et referansepunkt som ligger 500 m. ovenfor dammen.

Ranveig Frøiland (A)

Svar

Ranveig Frøiland: Eg syner til ekspedisjon dagsett 19.09.97.

Spørsmåla frå stortingsrepresentant Eva R. Finstad er kompliserte og vil ta noko tid å få utreda og svara på.

Spørsmåla er sendt Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) til handsaming. NVE må fyrst få informasjon frå Akershus Kraft, som er eigar av Funnefoss kraftverk.

Eg vil koma attende med eit utfyllande svar så snart som mogleg.

ENDELIG SVAR 08.10.97

Etter konsesjonsføresetnadene skal konsesjonæren manøvrere kraftverket og lukene i Funnefoss dam slik at «det til enhver tid holdes samme relasjon vannstand/ vassføring ovenfor dammen som tidligere». Høvet mellom vasstand og vassføring for Funnefoss er definert i ei særskilt vassføringskurve (kurve 5).

Av fleire grunnar vil forlaupet av slike kurver vere usikkert, særleg ved ekstremt store vassføringar, av di det er sjeldan at ein observerer så store vassføringar som under flommen 1995. Vidare kan det knyte seg ugrannsemd båe til dei målingar som er brukt som grunnlag for å definere vassføringskurva, og til dei målingar som vart gjort under flommen 1995. Det kan og ha skjedd endringar i elveprofilet etter at kurva blei fastlagt, som har endra tilhøvet mellom vasstand og vassføring.

Den førebels gjennomgangen som til no er gjort av Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) og dameigaren, Akerhus Kraft, har avdekt fagleg usemje om vassføringskurva for Funnefoss. Ei endeleg vurdering av om vasstand/ vassføringshøvet ovenfor Funnefoss dam blei påverka under flommen i 1995 førutset ein omfattande gjennomgang av grunnlagsmaterialet for vassføringskurva. Dette har ikkje vore mogleg på den tida som har vore disponibel. NVE vil ta initiativ til ein slik gjennomgang, slik at det ein gong for alle kan bli semje om korleis vassføringskurven skal sjå ut for heile det aktuelle vassføringsområdet.