Petter Løvik (H): Når vil søknaden om endeleg godkjenning av Eiksundsambandet i Møre og Romsdal med delvis finansiering med bompengar bli lagt fram for Stortinget?
Begrunnelse
Saka om Eiksundsambandet er ferdig handsama frå lokalt politisk hald. Traseval, hovudplan og reguleringsplan er ferdig. No ventar næringsliv og befolkning på Sunnmøre på den sentrale politiske avgjerda.
Viktige bedrifter i regionen ventar på svar frå Stortinget som ein viktig del av grunnlaget for vurdering av nye store investeringar. Saka ligg no i Vegdirektoratet.