Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:266 (1998-99) Innlevert: 29.04.1999 Sendt: 30.04.1999 Besvart: 06.05.1999 av landbruksminister Kåre Gjønnes
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): I jordbruksoppgjeret for 1997-98 vart det sett av 11 mill. kr. til refusjon av meirutgifter til korn for pelsdyrnæringa. Trass i sterk nedgang i næringa, er det heller ikkje dei siste åra utbetalt refusjon direkte til pelsdyroppdrettarane. Meiner statsråden at dette er i tråd med forskrifter og inngått avtale, og ser han det som rimeleg at Norges Pelsdyrsalslag disponerer heile beløpet?2 vedlegg til spørsmål:Vedlegg 1.Ove Oftedal 21.04.99.Bybergv. 1434354 Voll tlf. 51654169 fax. 51654778Oddbjørg Ausdal StarrfeltStortingetViser til hyggelig møte tidligere d.m. vedr. Pelsdyrnæringen.Som vi avtalte oversender jeg "Forskrift om refusjon av forkostnader for Pelsdyrnæringen".Jeg legger også med utdrag av jordbruksavtalen 97/98.I denne avtalen går det klart frem hva pengene skal brukes til og jeg kan ihvertfall bekrefte at det i det aktuelle tidsrom ikke er lagret skinn, men det er likevel ikke betalt ut noe til oppdretterne.Det ble også vedtatt at denne refusjonen skulle overføres til markedsordningen for korn. Jeg har derfor bedt Statens Kornforretning om hvilke krav som ble stillet i 98/99 avtalen. Dette har jeg enda ikke fått svar på.Skulle noe være uklart ta gjerne kontakt.Med hilsen Ove OftedalVedlegg 2.FORSKRIFT OM REFUSJON AV FORKOSTNADER I PELSDYRNÆRINGENFastsatt av Landbruksdepartementet den 1. desember 1997 med hjemmel i Lov av 12. mai 1995 nr. 23 (jordlova) § 18 og Stortingets vedtak av jordbruksoppgjøret 1997. jf. Innst. S. nr. 292 (1996-97) og St.prp. nr. 70 (1996-97)
Kåre Gjønnes: Norsk pelsdyrnæring gjennom Norges Pelsdyralslag konkurrerer på verdsmarknaden. I hovudsak går heile den norske skinnproduksjonen av rev og mink til eksport. Norges Pelsdyralslag har gjennom lov av 1946 monopol på kjøp av norske skinn frå norske oppdrettarar.Fôr til pelsdyr har lenge, både under og etter at statsmonopolet for korn vart oppheva i 1995, hatt fritak for innanlands fôravgift. Trass i dette, ligg prisnivået på fôr til pelsdyr, både slakteavfall og fôrkorn, eit godt stykkje over fôrprisen på verdsmarknaden.For at norske skinn skal vere konkurransedyktige på verdsmarknaden, gis refusjon av meirkostnader i fôringa som ein årleg refusjon til Norges Pelsdyralslag over jordbruksavtala. Budsjettnemnda for jordbruket reknar kvart år etterskottsvis ut grunnlaget for refusjonen mellom anna på bakgrunn av stadfesta verdsmarknadsprisar. I 1998 fastsette Statens Kornforretning på dette grunnlag eit beløp til utbetaling på 13,337 mill. kr. Løyvinga på 11 mill. kr. i St. prp nr. 1 (1997-98) er ei mellombels overslagsløyving.Forskrift av 1. desember 1997, som representanten syner til, føreset at heile løyvinga vert nytta til felles bransjenøytrale tiltak som fremjing av sal, marknadsføring og produktutvikling, som indirekte kjem alle oppdrettarane til gode. Før 1997 kunne ein viss andel av løyvinga overførast direkte til oppdrettarane. Slik ordninga no er, tek den omsyn til at det er Norges Pelsdyralslag som konkurrerer på verdsmarknaden, og ikkje kvar enkelt oppdrettar. Ordninga tek omsyn til det nye økonomireglementet og ei effektiv forvaltning. Mellom anna for at ordninga skulle tilpassast økonomireglementet vart saka hausten 1997, under tilvising til jordbruksavtala, sendt partane i jordbruksoppgjeret og Norges Pelsdyralslag til høyring. Høyringsinstansane slutta seg til utkastet til gjeldande forskrift av 1. desember 1997. Forskrifta er såleis avtalepartane si omforeinte praktisering av jordbruksavtala på dette punkt. Det er ei rein forgløyming frå partane si side at sjølve avtaleteksten ikkje er retta opp.Det er såleis i tråd med forskrifta at refusjonen vert utbetalt til Norges Pelsdyralslag, og ikkje direkte til pelsdyroppdrettarane. Eg føreset at midlane vert nytta til tiltak som kjem alle oppdrettarane til gode. Om det er eit ønske frå oppdrettarane om ei anna fordeling, kan dette takast opp i organisasjonen og bringast inn i jordbruksforhandlingane.