Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:333 (1998-99)
Innlevert: 09.06.1999
Sendt: 10.06.1999
Besvart: 16.06.1999 av landbruksminister Kåre Gjønnes

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Refusjon av meirutgifter til forkorn for pelsdyrnæringa vert nå utbetalt til Norsk Pelsdyralslag. Kan den einskilde produsent reservera seg frå dette og få utbetalt refusjonen direkte og vil eit eventuelt nytt alternativt pelsdyralslag kunna gjera avtalar med styresmaktene om slik direkte refusjon?

Kåre Gjønnes (KrF)

Svar

Kåre Gjønnes: Jeg syner til Dykkar spørsmål av 29. april og mitt svar av 6. mai i år vedrørande meirkostnader i fôringa i pelsdyrnæringa. Representanten kjem 9. juni i år med tilleggsspørsmål i saka.

Eg ønskjer å referere Lov om umsetnad av pelsdyrskinn av 13. desember 1946, som per i dag regulerer omsetnad av pelsdyrskinn.

Det heiter i § 1:
"Uberette skinn av rev og mink som er alet i pelsdyrgård og som ønskes omsatt, skal sendes inn til Norges Pelsdyralslag eller en av det departementet som Kongen bestemmer godkjent mottaker, og de skal renses, sorteres, lottes og takseres av Norges pelsdyralslag før salg finner sted."

Det føreligg i Norge i dag ikkje noko alternativt mottak av ikkje reia skinn, som er godkjent av styresmakta. Det er difor ikkje noko aktuelt spørsmål om eit alternativt pelsdyralslag kan gjere tilsvarande avtale med styresmakta som Norsk Pelsdyralslag har i dag.

På generelt grunnlag må ein følgje krav til lik handsaming. Ein skal ikkje sjå bort frå at eit alternativt pelsdyralslag difor kan gjere tilsvarande avtale med styresmakta som Norsk Pelsdyralslag har i dag. Eit slikt lag må likevel godkjennast etter § 1 i Lov av 13. desember 1946. Dersom eit alternativ pelsdyralslag vert godkjent etter § 1, kan dette utløyse revisjon av føresegna av 1. desember 1997.

I denne føresegna er det i dag sett vilkår om at løyvinga skal nyttast til felles bransjenøytrale tiltak i regi av Norsk Pelsdyralslag, som fremjing av sal, marknadsføring og produktutvikling. Dette kjem indirekte alle oppdrettarane til gode når det fins monopolomsetnad av ikkje reia skinn. Såleis kan ikkje midlane utbetalast direkte til produsent.

Vilkåret i § 3 i føresegna må overhaldast og produsentane kan ikkje reservere seg mot den kollektive ordninga som føreligg.